STRAMMAR INN: Statsminister Erna Solberg la søndag kveld fram nye innstrammingar og påbod i smitteverntiltaka.
LOKALT ANSVAR: Statsminister Erna Solberg sa at når ein opnar opp no er ein avhengig av at kommunane lokalt tek grep om det blir lokale utbrot.
SKJER I MORGON: Statsminister Erna Solberg har kunngjort dato og klokkeslett for når me kan gå tilbake til eit meir normalt liv. FOTO: Eirin Larsen, SMK

Uroa over situasjonen:

Regjeringa varslar nye koronatiltak

– Smitten aukar og den spreier seg i nye grupper. Det gjer at regjeringa har bede Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet om å kome med forslag til nye smittetiltak.

Det sa statsminister Erna Solberg i ein pressekonferanse fredag.

Ho varsla at dei nye tiltaka vil kome neste veke. Dei vil rette seg mot områda der smitten spreier seg.

Helseminister Bernt Høie presiserte at ein ikkje ønskjer å kome i den situasjonen som mange land er i der ein må stenge heilt ned f.eks. heile byar.

Dette gjeld spesielt fram mot jul.

Håpar på vaksine

­– Det vil bli prioritert kven som får vaksine når den kjem. Det er ikkje gitt at alle får den, det sa sjef for Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg.

Ho sa at vaksinering av barn truleg er eit stykke fram i tid.

Regjeringa håpar at ei vaksine skal bli klar i første halvdel av 2021. Folkehelseinstituttet skal utarbeide ein plan for kven som skal vaksinerast først.

Det blir peika på at vaksinasjon i Noreg er frivillig.

– Hald metern

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad peika på at det mykje å hente på å bli flinkare i å overhalde dei restriksjonar som alt er innført.

– Ein-meteren og å bli heime når ein er sjuk er dei viktigaste tiltaka, sa Solberg.

Ho meiner at det er det beste vernet me har.

– Det er ein føresetnad for at ein skal kunne halde samfunnet ope, la Solberg til.