– Eg køyrer ikkje like mykje traktor som då eg budde heime
– Sjølv om det er mange år sidan eg flytta ut, ser eg på meg sjølv som bøhering, seier Inger Johanne Strand (47).
Når flytta du frå Midt-Telemark, kvifor flytta du?
– Eg flytta i 1997 for å studere. Etter fullførte studier har eg gifta meg, fått tre flotte barn og flytta ut av Oslo til Follo. Eg har også budd ei stund i Qatar, der vårt mellomste barn blei født. Jobbmessig dei siste åra har eg hatt ansvar for å koordinere folkehelsearbeidet i tidlegare Akershus, samt leia eit nasjonalt læringsnettverk for KS frå 2017 til 2019. I dag er eg tilsett som seniorrådgjevar i Viken fylkeskommune.
Kvar er du no, og kva gjer du der?
– Før eg drog frå Bø var eg ein «engasjert ungdom» som brukte mykje av fritida på frivillig arbeid. Det var også slik eg traff mannen min. Han var leiar av Studentidrettsforbundet, eg var leiar for Idrettsforbundets ungdomskomité, NUK. Eg er fortsatt engasjert, men ikkje like ung! Nå går ettermiddagane i stor grad med til å følge opp eigne barn og lokal frivilligheit. Eg er elles glad i å pusle i hagen, gå turar og vere med venner.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp