MANGE NYE SMITTETILFELLE. Onsdag melder kommunen om mange nye smittetilfelle i Midt-Telemark.
NYE REGLAR: Det har kome nye koronareglar for test og karantene. FOTO: Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Lurar du på kva som gjeld?

Her er koronareglane som gjeld nå

Lurar du på kva for reglar som gjeld, og kva styresmaktene anbefaler at me nå gjer for at koronasmitten ikkje skal breie ukontrollert om seg? Her er reglane.

Kommuneoverlegen i Midt-Telemark, Kristin Sekse, råder nå både ungdom og vaksne til å halde ut og ta omsyn til kvarandre ettersom me er inne i ein fase der talet på folk som er smitta av covid-19 stig raskt. Sjølv om det akkurat nå er lite smitte i kommunen, oppfordrar ho alle til å støtte opp om dei nasjonale smittevernreglane.
Kva som gjeld nå, kan du lese om her:

Nasjonale tiltak frå 28. oktober 2020

Her er dei nasjonale smitteverntiltaka som gjeld alle frå 28. oktober 2020. I tillegg til desse har også nokre kommunar lokale tiltak, som du finn på kommunens nettsider.

Generelt

  • Vask hender
  • Hald avstand
  • Bli heime viss du er sjuk
  • Avgrens talet på folk du møter privat

Arrangement

  • Maks 50 personar på private samankomster utanfor heimen (på offentleg stad og med ansvarleg arrangør)
  • Andre arrangement kan ha inntil 200 personar til stades
  • Maks 600 personar på utandørs arrangement, der alle sit i fastmonterte sete

Private heimar og sosial kontakt

  • Anbefaling om maks 5 gjestar i tillegg til dei du bur saman med
  • Viss gjestane er frå same husstand kan det vere fleire enn fem
  • Barnehagebarn og barneskulebarn kan vere saman med si faste gruppe

Idretts- og fritidsaktivitetar

  • Barn og unge under 20 år har unntak frå 1-metersregelen. Ein kan nytte felles utstyr

Restaurantar, kafear og uteliv

  • Minst ein meters avstand mellom gjestar utanfor same husstand
  • Sitteplassar for alle gjestar, bordservering av alkohol og det skal bli registrert kontaktopplysningar til dei gjestane som samtykker til dette

Barnehage og skular

  • Elevar og tilsette med nyoppståtte luftvegssymptom eller sjukdomskjensle skal ikkje møte i skule eller barnehage

Kollektivtransport

  • Hald minst ein meters avstand
  • Unngå rushtid

Kjelde: www.regjeringen.no

Kommuneoverlegen råder dessutan alle som lurar på kva som er gjeldande reglar for smittevern, arrangement og samankomster til å sjekke dette på helsenorge.no.