STRAMMAR INN: Statsminister Erna Solberg la søndag kveld fram nye innstrammingar og påbod i smitteverntiltaka.
LOKALT ANSVAR: Statsminister Erna Solberg sa at når ein opnar opp no er ein avhengig av at kommunane lokalt tek grep om det blir lokale utbrot.
SKJER I MORGON: Statsminister Erna Solberg har kunngjort dato og klokkeslett for når me kan gå tilbake til eit meir normalt liv. FOTO: Eirin Larsen, SMK

Statsministeren ber folk halde seg mest muleg heime

– Nå må det vere slutt på sosiale festar i ein periode. Me er nøydd til å redusere sosiale møteplasser både heime og i utelivet, sa statsminister Erna Solberg da nye koronatiltak blei lagt fram torsdag føremiddag.

Torsdag orienterte statsminister Erna Solberg (H) Stortinget om dei nye innstrammingane regjeringa vil gjere for å få ned smitten og såleis hindre ei ny nedstenging av Noreg.

Dei to siste vekene har talet på smitta personar blitt tre gonger så høgt. Det er særleg i dei større byane smittetalet stig, men også mindre kommunar har fått større utbrot i det siste. I over 60 norske kommunar er det nå registrert covid-19.

– Folk må førebu seg på å halde seg meir heime og avgrense sosial kontakt i vekene framover, sa stasministeren på Stortinget i dag, og la til at ho er uroa over auken i smitten.

Samtlege fylke har nå over 20 smitta per 100.000, ifølgje Solberg.

Kommunane har kontroll på testing, sjølv om mange av dei er under sterkt press.

– Viss smitten aukar ytterlegare, kan me miste kontrollen, sa statsministeren.

Sist veke blei fleire nye tiltak innført for å få ned smitten, utan at det har gjeve resultat i smitteutviklinga. I dag innførte derfor regjeringa innstramming i koronatiltaka, der det å ha minst muleg kontakt med andre er eit av dei viktigaste.

Anbefalingar for heile landet

Sosial kontakt:

  • Tilråding om at alle i dei komande vekene i størst mogleg grad held seg heime. Avgrense sosial kontakt med andre menneske. NYTT!
  • I private heimar, hagar eller hytter bør ein ikkje ha meir enn fem gjester i tillegg til husstandsmedlemmer. Viss alle gjestene er frå same husstand, kan ein vere fleire. To familiar kan møtast sjølv om dei har mange barn.
  • Avgrensinga om at ein ikkje bør ha fleire enn fem gjester, gjeld ikkje for barnehage- eller barneskule-kohortar.
  • Unge og vaksne som har vore saman med vener og i andre situasjonar der det ikkje har vore ein meters avstand, bør halde to meters avstand til folk i risikogruppa. NYTT!
  • I tillegg til tilrådingane kjem ein ny regel for kor mange ein kan vere på private samankomster og arrangement.

Reiser:

  • Unngå unødvendige innanlandsreiser. Unntak er arbeidsreiser som blir vurdert som nødvendige og reiser til fritidseigedomar som kan gjennomførast utan at ein har kontakt med andre. NYTT!

Skule og utdanning:

  • Alle universitet, høgskular og fagskular skal vurdere om dei i perioden framover kan redusere undervisning og annan aktivitet som bidrar til auka mobilitet, blant anna press på kollektivtrafikken. NYTT!
  • Vidaregåande skular og ungdomsskular må førebu seg på at tiltaksnivået kan bli raudt dersom smitten stig ytterlegare. NYTT!

Reglar for alle i heile landet

Private samankomster og arrangement:

  • Grense på inntil 20 personar på private samankomster på offentlege stader og i leigde lokale og 50 personar på innandørs arrangement utan fastmonterte seter. Innandørs kan det vere inntil 200 personar på arrangement der alle i publikum sit i fastmonterte seter. Endringa blir iverksett midnatt, natt til måndag 9. november. NYTT!

Uteliv:

  • Nasjonal skjenkestopp kl. 24.00. Serveringsstader med skjenkebevilling kan ikkje sleppe inn nye gjestar etter kl. 22.00. Endringa blir iverksette ved midnatt, natt til laurdag 7. november. NYTT!

Karantene og reiser:

  • Arbeidsreisande som i dei siste 10 døgna før dei kjem til Noreg har opphalde seg i område med særleg høgt smittenivå, kan ikkje lenger nytte seg av ordninga med testing kvar tredje dag, jf. covid-19-forskriften § 6 c. Hovudregelen om innreisekarantene vil derfor i utgangspunktet gjelde for arbeidstakarar frå desse områda.
  • For arbeidstakarar som kan nytte seg av unntaket i § 6 c er det gjort endringar i vedtaket: Arbeidstakarar som har fritidskarantene skal testast kvar tredje dag og vere innkvartert på einerom dei ti første dagane i landet. Arbeidsgjevar skal leggje til rette for avstand til andre når arbeidstakaren er i fritidskarantene. Unntaket gjev ikkje lenger fritak for innreisekarantene på fritida.
  • Reisande frå raude land må vise fram attest på negativ covid-19-test når dei kjem til Noreg. Testen må vere tatt under 72 timar før innreisa. Dersom personen ikkje kan vise fram ein slik test, kan vedkomande bli nekta innreise. Dette blir 0iverksett frå midnatt, natt til måndag 9. november. NYTT
    • Kravet skal ikkje gjelde for nordmenn, personar som har bustad i Noreg eller personar i transitt.
    • Kravet gjeld ikkje personar som jamleg kjem til Noreg frå Sverige og Finland for å jobbe.
    • Kravet gjeld helsepersonell som pendlar til Noreg og som har vore meir enn sju dagar utanfor Noreg.
    • Personell i kritiske samfunnsfunksjonar kan unntas når det er nødvendig for å unngå fare for liv og helse.
    • Personar som kjem til Noreg må ha fast bupel i landet, eller arbeids- eller oppdragsgjevar må gje garanti for eigna opphaldsstad ved ankomst til Noreg. Personar, inkludert turistar og besøkande, som verken har eigen bupel eller arbeids- eller oppdragsgjevar i Noreg må opphalde seg på karantenehotell og teste seg i karanteneperioden. Dette gjeld også familiemedlemmar som kjem for å besøke slekt i Noreg. Helsedirektoratet blir gjeve i oppdrag å utreie korleis desse krava kan innførast. Fram til dette er etablert, blir grensekontrollen forsterka etter eksisterande regelverk. NYTT!

Her kan du lese om tiltaka som blei innført i førre veke: