MANGE NYE SMITTETILFELLE. Onsdag melder kommunen om mange nye smittetilfelle i Midt-Telemark.
NYE REGLAR: Det har kome nye koronareglar for test og karantene. FOTO: Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Nå kan du få 20.000 kroner i bot for å bryte smittevernreglar

På grunn av auka smittespreiing av koronaviruset og stadig fleire lokale utbrot, skjerpar politiet kontroll og handheving av smittevernreglar. Dei som bryt reglane kan få bøter opp til 20.000 kroner.

I ei pressemelding frå Sør-Øst politidistrikt opplyser Politiet om at ein nå skal skjerpe handhevinga av smittevernregelverket.

– Det er aukande spreiing av covid-19 i landet, og fleire lokale utbrot i Sør-Øst politidistrikt. Konsekvensane av å ikkje følgje smittevernreglane kan vere svært alvorlege og gjere situasjonen verre, heiter det i pressemeldinga.

Ifølgje pressemeldinga vil ein anmelde aktiv smittespreiing, brot på karantene, gjentatte brot og ikkje etterfølgde pålegg. Eksempel på dette er politioppdrag på private festar og arrangement.

– Straff er ikkje noko mål i seg sjølv. Det viktigaste er at folk etterlever dei reglane og tilrådingane som blir gjeve av myndigheitene. Alle kan bidra til å redusere smitte. Det gjer ein best ved å halde seg til anbefalingane frå helsemyndigheitene, heiter det.

Konsekvensar ved brot på smittevernregelverk

Politiet kan nå handheve smittevernreglane med følgjande tiltak:

  • Den som forsettleg eller grovt uaktsomt overtrer karantenereglane eller reglar om isolasjon kan straffast med bøter eller fengsel inntil 6 månader. Nærmare vurdering av straffereaksjonen blir gjort av påtalemyndigheiten og domstolen.
  • Saker knytt til brot på smittevernvedtaka blir avgjort med bøter opp mot kr 20.000,- per tilfelle. Bøtene vil auke ved gjentatte brot eller andre skjerpande omstende.