HAR SENDT BREV: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland har saman med kommunedirektøren og kommuneoverlegen sendt ut brev til arbeidsgjevarar i Midt-Telemark kommune om smittevern.
HAR SENDT BREV: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland har saman med kommunedirektøren og kommuneoverlegen sendt ut brev til arbeidsgjevarar i Midt-Telemark kommune om smittevern.

Ber arbeidsgjevarar rette seg etter smittevernreglar

Midt-Telemark kommune har sendt ut brev til arbeidsplassar i Midt-Telemark med oppfordring om å rette seg etter nasjonale smittevernreglar.

Tysdag ettermiddag gjekk det ut brev frå Midt-Telemark kommune til arbeidsgjevarar og andre oppdragsgjevarar i kommunen med oppfordring om å rette seg etter gjeldande smittevernreglar, med beskjed til alle om å halde seg oppdatert til ei kvar tid.

Brevet er underteikna kommuneoverlege Kristin Sekse, kommunedirektør Per Dehli og ordførar Siri Blichfeldt Dyrland.

– Smittespreiinga i Noreg og i Vestfold og Telemark er aukande. Midt-Telemark kommune forventar at verksemder og arbeidsgjevarar i kommunen held seg oppdatert og rettar seg etter reglane som til ei kvar tid gjeld for generelt smittevern, arbeidsreiser i inn- og utland og arbeidsreisande, heiter det i brevet.

Det blir òg understreka at brot på smittevernreglane vil føre til anmelding og bøter.

https://boblad.no/2020/11/06/na-kan-du-fa-20-000-i-bot-for-a-bryte-smittevernreglar/

Anbefaler heimekontor

Når det gjeld generelt smittevern oppfordrar kommunen alle som kan om å nytte heimekontor, samt at ein har fokus og tilrettelegging for god handhygiene og hyppig reinhald i verksemdene. Ein skal òg leggje til rette for at dei tilsette kan halde god avstand til kvarandre.

– Arbeidstakarar må unngå unødvendig reising, er oppfordringa.

Arbeids- og fritidskarantene

Det blir understreka i brevet at verksemder som nyttar seg av arbeidsreisande må halde seg til arbeids- og fritidskarantene-reglar.

– Arbeidsreisande som dei siste ti døgna før dei kjem til Noreg har opphalde seg i raude land SKAL i innreisekarantene. Det betyr at:

  • …dei MÅ opphalde seg på einerom i dei 10 første døgna i Noreg
  • …dei kan ikkje jobbe i denne tida
  • …arbeidsgjevarar må leggje til rette for dette

Karantene for turistar og familie på besøk

I brevet frå kommunen blir det også peika på at arbeidsgjevarar må vere merksam på at personar som kjem til Noreg må ha fast bustad i landet, eller ein garanti frå arbeids- eller oppdragsgjevar om eigna opphaldsstad når dei kjem til Noreg.

Det gjeld også turistar og personar som kjem på besøk til Noreg, til dømes familiemedlemmar eller slekt, og som ikkje har fast bustad eller arbeidsgjevar i Noreg. Dei må ha tilhald på karantenehotell og teste seg for smitte i løpet av karanteneperioden.

For full oversikt over regjeringens anbefalinger og regler: www.regjeringen.no

Faktaboks

Reiseråd og kart over raude og gule land/ område i Europa finn du her:

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/reiserad-knyttet-til-nytt-koronavirus-coronavirus/

Kva er karantene?

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/avstand-karantene-og-isolering/

Litt mykje eller heilt avstand?

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/infomateriell/brosjyre-om-litt-mye-eller-helt-avstand-pa- ulike-sprak/?term=&h=1