Engasjementet er på topp i Midt-Telemark kommune. Det legg ein merke til i lokalavisa også. Debatten går rundt ulike tema, og det er mange ulike røyster som ytrar seg – heldigvis. Me har også ei politisk leiing som tek seg bryet med å svare på dei mange innspela som kjem, og som i relativt stor grad er opptatt av å ha opne prosessar. Måtte det fortsetje slik, sjølv om kritikken vil hagle både rundt det eine og det andre framover. Å la tilsette få lov til å ytre seg om kritikkverdige forhold og saker som dei har fagleg tyngde og kompetanse i, og ikkje la alt gå gjennom toppleiinga er uhyre viktig for å bevare både truverd og demokratiske prinsipp i kommunen. At ein i politikken beveger seg bort frå lukka gruppemøte og partilag som kan minne om familiedynasti som styrer kommunen frå kjøkkenbordet, er absolutt ein fordel, for ikkje å snakke om nødvendig. Å hindre media å følgje møte der ein skal fatte vedtak og diskutere framtida fordi politikarar føler seg hemma og mindre fri i diskusjonar som ikkje kan bli referert, er i alle fall ikkje vegen å gå.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp