SAuherad barne- og ungdomsskole 
ny skole skule

FEM SMITTA. Fire elevar ved Sauherad barne- og ungdomsskole er smitta av covid-19. Det er også eitt barn i Gvarv barnehage.
HADDE TILFLUKTSROM. Gamle Sauherad barne- og ungdomsskole hadde tilfluktsrom i kjellaren. FOTO: Arkivfoto

Stenger skulen på fredag:

Fem nye er smitta – fleire klasser og barnehageavdeling i karantene

Det er oppdaga fem nye tilfelle av covid-19 i Midt-Telemark kommue. Fire er elvar ved Sauherad barne- og ungdomsskule, den femte er eit barn som går i Gvarv barnehage.

I ei pressemelding frå Midt-Telemark kommune torsdag kveld blir det opplyst at det er stadfeste fek nye tilfelle av covid-19 i kommunen. Personane som er smitta er elevar ved Sauherad Barne- og ungdomsskole samt eit barn i Gvarv barnehage.

Stengjer skulen

– Etter råd frå kommuneoverlege Kristin Sekse, har Midt-Telemark kommune bestemt at ingen elevar ved Sauherad barne- og ungdomsskole skal ha fysisk oppmøte ved skulen fredag 13. november. Undervisninga vil foregå på digitale læringsplattformer som elevane kjenner til frå før, heiter det i pressemeldinga.

Elevar på fire trinn i karantene

Elevar i begge klasser på 1., 3., 4,. og 7. trinn, i tillegg til elevar på 2. trinn som har vore på morgon-SFO de 10. og 11. november er sett i heimekarantene. Det er også ei avdeling i Gvarv barnehage. Dese vil bli kontakta av smittesporingsteamet med informasjon om heimekarantene og time til test.

– Dette er omfattande arbeid. Dei involverte blir kontakta i løpet av torsdag kveld eller fredag, opplyser kommunen.

Det blir understreka at heimekarantene BARE gjeld for eleven, ikkje dei andre i husstanden.

Må følgje karantenereglane nøye

Karanteneperioden er frå og med tysdag 10.november til og med torsdag 19. november.

Kommunen understrekar i pressemeldinga at ein SKAL overhalde heile karanteneperioden, sjølv om ein testar negativt for covid-19.

– Dersom ein utviklar symptom i karanteneperioden, må ein teste seg på nytt. Ta da kontakt med koronatelefonen på 35 05 93 59 for å bestille time, opplyser kommunen.

Fleire lærar og assistentar i karantene

Elevar som har testa negativt og vore friske i karanteneperioden kan på skulen igjen fredag 20. november.

Karantenen gjeld òg for lærarar og assistentar som har vore i dei involverte klassene dei siste 48 timane. Desse har fått beskjed av leiaren sin.

Desse er ikkje i karantene

Elever i 2., 5., 6., 8., 9. og 10. trinn er IKKJE i karantene, ifølgje kommunen.

Dei skal møte fysisk, til vanleg undervisning måndag 16. november. Dersom dette blir endra vil det bli gitt beskjed i løpet av helga. Elevar på desse trinna som har søsken som er i karantene er ikkje sjølv i karantene.

Personane med positiv covid-19 test er nå i heimeisolasjon.
Vaksenopplæringa på Akkerhaugen vil fortsatt halde stengt til situasjonen der er under kontroll.