TRENG HJELP: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland  oppfordrar foreldre og besteforeldre til å fortelje ungdommane om at dei må halde avstand.

Ordførar i Midt-Telemark, Siri Blichfeldt Dyrland. FOTO: Bø blad, arkiv

Ingen nye positive testar i dag – i morgon kjem det fleire prøvesvar

Ingen av personane som blei testa i går og som venta på prøvesvaret sitt i dag har testa positivt på covid-19. I morgon kjem det nye prøvesvar.

I løpet av torsdag 12. november blei nærkontaktane til ein person med positivt utslag på covid-19 testa for smitte. Kommunen fekk svar på desse i går kveld, og det viste seg at fem prøver var positive. Det har resultert i at 343 personar i kommunen har blit sett i karantene, i tillegg til at det blir gjort eit krevjande og kontinuerleg smittesporingsarbeid.

Negative prøver i dag

Kommunen har i dag venta på svar på seks resterande prøver som blei tatt i går. Dei har nå kome.

– Prøvesvara me har mottatt i dag har alle vore negative, melder Midt-Telemark kommune på heimesidene sine i kveld.

I dag har også personar i karantene som er knytt til vaksenopplæringa på Akkerhaugen blitt testa. Elevar i to av klassene blir testa, noko som utgjer 92 testar til saman.

– Dei av dykk som har tatt test i dag vil mest sannsynleg få svar i løpet av morgondagen, står det på kommunens heimesider i kveld.

Skal teste mange i helga

Kommunen har tidlegare opplyst at søndag 15. november skal Midt-Telemark kommune teste 150 elevar og tilsette i skule og barnehage på Gvarv. Desse prøvene reknar ein med å få svar på innan måndag kveld.

Måndag 16. november skal kommunen teste resten av elevar, barnehagebarn og tilsette ved skulen og barnehagen på Gvarv. Svaret på desse prøvene vil mest sannsynleg vere klart innan tysdag kveld.

Det blir understreka at det er viktig at alle som er definert som nærkontaktar skal vere i karantene til og med fredag 20. november, sjølv om testresultatet ein får blir negativt.

Video til innbyggjarane

Kommunen har i kveld publisert ein video der ordførar Siri Blichfeldt Dyrland taler til innbyggjarane i kommunen

– Kjære innbyggjarar i Midt-Telemark kommune. Me har nå fått eit smitteutbrot, og det betyr at det er fleire som sit i heimeisolering. Det kunne skjedd kven som helst, og me veit at korona er veldig smittsamt. Det er nå både barnehagebarn, elevar og tilsette som er sett i karantene, seier ordføraren.

Takkar ungdomen

Ho seier vidare at det er krevjande å skulle gå ned på sosiale aktivitetar – igjen.

– Til dykk som er barn og unge som sit i karantene. Eg forstår at du synest det er vanskeleg å vere mindre sosial enn det du er vant til. For oss i Midt-Telemark kommune gjer du ein viktig jobb for oss alle som bur her. Takk for at du er med på å hindre at korona spreier seg, fortset Blichfeldt Dyrland.

Ordføraren seier vidare at me nå har mange tilsette som er på i full fart med å jobbe med smittesporing og testing.

– Eg er stolt av alle sin innsats for å handtere denne situasjonen, seier ho.

Blichfeldt Dyrland helsar til slutt til alle innbyggjarar i Midt-Telemark:

– Eg forstår at mange av dykk er bekymra, og det er normalt i ein krisesituasjon. Me får puste roleg og ta vare på dei nære me har rundt oss. Og så må me hugse dei enkle smittevernreglane: Vask hendene og hald avstand! Det her skal me klare saman. God helg!