SMITTE- OG VAKSINASJONSKART. Statsforvaltaren har utarbeidd eit kart som viser korleis det står til med risikonivået for smitte i Vestfold og Telemark.
Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand
NYE PRØVESVAR. Laurdag kom det inn svar på koronatestane tatt fredag. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Ein av 92 har testa positivt:

Ny elev ved barneskule smitta av covid-19

I ettermiddag fekk Midt-Telemark kommune melding om at ein av dei 92 koronaprøvene som blei tatt fredag er positiv. Den smitta er elev i 3. klasse ved Sauherad barne- og ungdomsskule.

Midt-Telemark kommune opplyser i ei pressemelding laurdag kveld at ein av dei 92 personane som blei testa for covid-19 i går, fredag 13. november, har testa positivt.

Ny husstand

– Den smitta er elev i 3. klasse ved Sauherad barne- og ungdomsskule. Personen er ikkje i same husstand som dei tidlegare meldte smittetilfella. Eleven har vore i karantene sidan torsdag ettermiddag og blir nå sett i heimeisolasjon. Familien til eleven er òg sett i karantene og blir testa. Smittesporinga på dette tilfellet er dermed avslutta, står det i pressemeldinga frå kommunen.

Ny testrunde søndag

Søndag 15. november skal Midt-Telemark kommune teste 150 elevar og tilsette i skule og barnehage på Gvarv. Desse prøvene reknar ein med å få svar på innan måndag kveld.

– Kriseleiinga i kommunen skal ha møte måndag kveld den 16. november, og kjem etter det med oppdatering på prøvene som blir tatt søndag, heiter det i meldinga frå kommunen fredag kveld.

Starta på onsdag

Nåverande smitteutbrot i Midt-Telemark starta på onsdag tidlegare i denne veka da det blei oppdaga at ein person knytt til vaksenopplæring i Midt-Telemark, som held til på Akkerhaugen, var smitta av covid-19.

Personen blei umiddelbart sett i isolasjon og vaksenopplæringa stengt medan kommunen starta smittesporing og prøvde å få oversikt over situasjonen.

Fem i familien smitta

I løpet av torsdag 12. november blei nærkontaktane til den smitta koronatesta, og da resultatet på desse prøvene kom same kveld, viste seg at fem prøver var positive.

Det har resultert i at 343 personar i kommunen har blit sett i karantene, i tillegg til at det blir gjort eit krevjande og kontinuerleg smittesporingsarbeid.

I same husstand

Alle dei seks som testa positivt er medlemmar i same husstand, og sit nå i heimeisolasjon. Dei har nærkontaktar både ved vaksenopplæringa, Sauherad barne- og ungdomsskule og Gvarv barnehage, og det er altså fleire hundre elevar, barnehagebarn og tilsette i kommunen som nå sit i karantene.

I mellomtida jobbar kommunens smittesporingsteam på høggir for å prøve å finne ut av kor smittekjelda kjem frå.

Negative prøver i dag

Kommunen fekk fredag kveld svar på seks resterande prøver som blei tatt i av nærkontaktar til dei smitta i løpet av torsdag. Alle viste seg å vere negative.

– Prøvesvara me har mottatt i dag har alle vore negative, meldte Midt-Telemark kommune på heimesidene sine i går kveld.

Testar elevar og tilsette i skulen

Måndag 16. november skal kommunen teste resten av elevar, barnehagebarn og tilsette ved skulen og barnehagen på Gvarv. Svaret på desse prøvene vil mest sannsynleg vere klart innan tysdag kveld.

– Kommunen minner om at alle definerte nærkontaktar skal vere i karantene til og med fredag 20. november, sjølv om testresultatet ein får blir negativt, står det i pressemeldinga.

Ein ny teststasjon er oppretta på Gvarv. Den står nå i Holmenvegen 46.

https://boblad.no/2020/11/06/na-kan-du-fa-20-000-i-bot-for-a-bryte-smittevernreglar/