Hågåbergja
Flyfoto frå Bø. Widerøe Flyselskap dreiv mykje med flyfotografering i heile Noreg på 1950-talet og fram til dei fyrste åra på 60-talet. Selskapet hadde over 300.000 slike bilete då dei fekk nye eigarar i 1968. I 1970 blei denne samlinga selt ut av selskapet. I dag er det Bø museum som har hand om flybileta med motiv frå Bø. Desse er no lagt ut på Digitalt museum.
Hågåbergja er namnet på området som ligg aust for vegen når du passerer det høgaste punktet over Langkåshaugen. Då Sisjord vart delt i 1791 vart Hågåbergja det naturlege skiljet mellom den nordlege og den sørlege garden.