M
Kor er du frå?
Fleire stemmer skal inn i Bø blad. Derfor har me også i 2020 bedt fire gjesteskribentar om å sjå fritt på lokalsamfunnet. Alle har røter i Bø og Sauherad, tre bur her og ein ser bygdene utanfrå. Ellen Hageman er skribent og teolog, busett på Gvarv med utsikt til Lifjell.
Vi nordmenn elskar dette spørsmålet. Det er eit standard opningsspørsmål når vi treff eit menneske for fyrste gong. Kor er du frå? spør vi, og det seier kanskje mest om oss som spør.