Gullbring Live konsert 
Johanne Flottorp hardingfele Gvarv Agder. Åsmund Solberg Agder gitar
FELE OG GITAR: Johanne Flottorp og Åsmund Solberg har konsert med hardingfele og gitar på Folkelarm.

Folkelarm rett heim i stova

Laurdag 28. november kan ein oppleve både Mattis Kleppen og Johanne Flottorp live i stova, strøyma direkte frå Folkelarm i Oslo.

Folkemusikkfestivalen Folkelarm går av stabelen i helga, men grunna korona i ei redusert og bare digital utgåve. Laurdag, ikkje sundag som det står i dagens papirutgåve av Bø blad, blir det sendt konsertar heile dagen, frå ti på føremiddagen til ti på kvelden.

Musikk frå Telemark

Telemark er representert på den lange konsertlista. Mattis Kleppen stiller med bassgitar og gjev eit innblikk i si folkemusikkinspirerte, unike musikalske verd. Kleppen har tidlegare vunne Folkelarm-pris for plata «Bassgitar» og open klasse på Landskappleiken saman med Ottar Kåsa.

Felespelar Johanne Flottorp opptrer på strøymekonserten saman med gitarist Åsmund Solberg. I mars gav dei to ut debutalbumet «Heimespel», noko som blei markert med konsert i Gullbring amfi.

Telemark er også representert med kvedaren Ingebjørg Lognvik Reinholdt frå Seljord, plateaktuell i år med «Klokkur som ringjer deg heim».

Konsert i to veker

Elles på konsertprogrammet kan ein høyre Spring du fela med Mari Skeie Ljones, Camilla Granlien, Olav Christer Rossebø og Jo Skaansa, gitarist Haldor Røyne, trioen Gjerve, Odde & Vårdal, Marja Mortensen, Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola, Morgonrode, Zosha Warpeha, Moenje, Susanne Lundeng trio og Bendik Quam.

Billettar til den digitale konserten får ein kjøpt på folkelarm.no fram til 12. desember. Konserten blir liggande på nett fram til da. Har ein kjøpt billett og dermed tilgang, kan ein høyre konserten så mange gonger ein vil.

Folkelarmpris

Utdeling av Folkelarm-prisane skulle vore fredag 27. november, men det er utsett til desember.

Telemarkfestivalen er prisnominert som folkemusikkarrangør.

Nominerte plater av og med telemarkingar er Ingebjørg Lognvik Reinholdts «Klokkur som ringjer deg heim», «Bjarne Herrefoss»,  bok og 2 CDar, «Rjukanfossen – Slåttar i Tinn-tradisjon, Gunnar Dahle & Johannes Dahle» og «Heimespel» med Johanne Flottorp og Åsmund Solberg.

.