– UNNGÅ GAPESTOKK. Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland ber nå innbyggjarane vere rause mot kvarandre og ikkje hetse folk som får påvist covid-19.
VENTAR OG SER: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland seier ar ein ventar og ser, etter råd frå kommuneoverlegen.

Fleire i karantene:

– Nå må folk oppføre seg fint mot kvarandre og vere rause

Talet på elevar og andre som er sett i karantene i samband med smitte hos ein elev på Bø vidaregåande skule har auka frå 42 til 50. Ordføraren ber nå folk om å vere rause med dei involverte.

Kriseleiinga i Midt-Telemark kommune hadde møte torsdag morgon, der mellom anna smittevernlege Solveig Tangen Nielsen hadde ein gjennomgang av smittesituasjonen i kommunen akkurat nå.

Talet på nærkontaktar har auka

I går ettermiddag, onsdag 2. desember, blei 42 elevar og fire lærarar sett i karantene da det blei klart at ein elev i første klasse på skulen har fått påvist covid-19.

– I dag har me fått opplyst at talet på nærkontaktar og dei som må vere i karantene i samband med dette smittetilfellet har auka frå 42 til 50 personar, opplyser einingsleiar for kommunikasjon og service i kommunen, Marte Midttun Lie.

Blir testa torsdag og fredag

Ho legg til at alle som sit i karantene blir testa i løpet av dei to neste dagane.

Nokre av personane treng ein å få rask smitteavklaring på. Desse blir testa torsdag, og får svar på prøvene sine fredag.

Fleirtalet vil bli testa i løpet av fredag, og ein håper svara på desse testane vil bli klare i løpet av laurdag.

– Smittesporingsgruppa har opplyst at den har relativt god oversikt over dette smittetilfellet, opplyser Midttun Lie til Bø blad.

TESTA POSITIVT. Ein elev ved Bø vidaregåande skule har testa positivt på covid-19. FOTO: Arkivfoto

Rosar skuleleiinga

Ordførar i Midt-Telemark, Siri Blichfeldt Dyrland, opplever at dagens smittesituasjon er litt meir oversiktleg enn den ein hadde i Sauherad for nokre veker sidan. Situasjonen knytt til vidaregåande dreier seg om færre nærkontaktar, og er enklare å holde orden på.

– Eg trur me bare må venne oss til at med koronasmitta er det slik at ein dag kan det sjå roleg ut, medan det i neste augneblink endrar seg totalt. Slik kjem det nok til å vere ei god stund framover, seier ordføraren.

Ho rosar leiinga ved Bø vidaregåande skule for korleis den har handtert situasjonen hittil.

– Rektor har vore veldig flink på å gje god informasjon til dei involverte partane. Det er ekstremt viktig når me får smitte, seier Blichfeldt Dyrland.

– Me må vere rause med kvarandre

Ordføraren oppfordrar nå alle til å vere nøye og fortsetje å leve etter dei generelle smittevernreglane, i hovudsak å halde avstand og vaske hender.

I tillegg bør alle innbyggjarar førebu seg på at ein må venne seg til at det skjer nye ting og at ein må omstille seg raskt til nye situasjonar i samband med koronasmitte.

– Som eit supplement til dette, vil eg også oppfordra alle innbyggjarar til å vere rause med og snakke godt om og til kvarandre, ikkje minst med dei som opplever å bli smitta, seier Blichfeldt Dyrland.

Ho fortel om fleire episodar både nå og under den førre smitterunden der dei som har fått påvist covid-19 opplever å bli hetsa av både medelevar og andre innbyggjarar.

– Å bli smitta kan skje kven som helst

– Å bli smitta av covid-19 kan skje kven som helst, enten ein er ung eller gammal. Det må me alle ha forståing for. Å snakke negativt, hetse eller mobbe dei som har blitt smitta er å tilføre ei ekstra påkjenning til dei det gjeld. Dei fleste som blir smitta er både veldig lei seg og redde, seier ordføraren.

Blichfeldt Dyrland understrekar at ein ikkje skal operere med gapestokk i lokalsamfunnet når det gjeld covid-19.

– Me må alle oppføre oss ordentleg nå og gje støtte til kvarandre i ei krevjande tid. Me skal ikkje rette kritikk verken mot enkeltpersonar eller grupper i lokalsamfunnet. Det fører ikkje til noko godt, understrekar ordføraren.