KAN VERE TILFELDIG: Jon Helge Bergane, rektor ved Bø vidaregåande skule, seier nedgangen i søkjarar er så liten at det kan vere tilfeldig.
EIN ELEV SMITTA: Ein elev på vg1 ved Bø vidaregåande skule har testa positivt på covid-19.

Får svar på alle covid-19-testane måndag

Analysane av covid-19-testane som er tatt av elevar og lærarar ved Bø vidaregåande skule, blir ikkje klare før måndag. Nokre testar er analyserte, og dei var negative.

Det opplyser Midt-Telemark kommune i ei pressemelding laurdag ettermiddag.

Onsdag denne veka blei femti elevar og lærarar knytt til Bø vidaregåande skule sett i karantene grunna ein positiv covid-19 test.

Dei aller fleste av desse femti blei testa på fredag, og svara var forventa å kome i dag, laurdag.

Laboratoriet har akkurat gjeve kommunen tilbakemelding om at alle prøvene dei har analysert i dag er negative, men det står enda igjen uanalyserte prøver som dei av kapasitetsomsyn ikkje får analysert før fyrstkomande måndag.

– Me veit ikkje kven sine prøver som gjenstår og får av den grunn ikkje full oversikt før måndag ettermiddag, opplyser Marte Midttun Lie, einingsleiar kommunikasjon og service i Midt-Telemark kommune.

Sjekke sjølv

Alle som har tatt testen kan sjølv sjekke resultatet og slik sett vite om deira prøve er analysert. Det kan ein gjera på denne lenka: https://www.helsenorge.no/provesvar/

Enkelte elevar ved Bø vidaregåande skule reiste heim til sine bustadskommunar for å site i karantenetida si der. Desse blir testa der dei er.

Midt-Telemark kommune vil få beskjed dersom det kjem ein positiv test på nokon av desse, opplyser Lie.