NYE SMITTETILFELLE: Fire nye smittetilfelle er meldt i Midt-Telemark.
NYE SMITTETILFELLE: Fleire nye smittetilfelle er meldt i Midt-Telemark.Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

To nye smittetilfelle:

Barn i Sandvoll barnehage og på Folkestad skule i karantene

Torsdag kveld fekk Midt-Telemark kommune melding om at to personar har testa positivt på covid-19. Ein bur i Bø, den andre ikkje. Både skuleelevar og barnehagebarn har blitt sett i karantene.

To nye smittetilfelle er meldt inn til Midt-Telemark kommune torsdag kveld, ifølgje ei pressemelding frå kommunen.

Bur ikkje i Bø

Den eine personen som har testa positivt på covid-19 er folkeregistert i kommunen, men bur og arbeider i ein annan kommune.

– Vedkomande har ikkje hatt besøk av nokon frå Midt-Telemark kommune, så det er ingen nærkontaktar her, heiter det i pressemeldinga.

Smitta på jobb-besøk

Det andre smittetilfellet gjeld ein person som bur i Bø og som har blitt smitta på jobb-besøk i ein annan kommune.

– Husstandsmedlemmane til denne personen er sett i karantene og blir testa i morgon, fredag, opplyser kommunen.

Smittesporingsgruppa kartlegg og kontaktar nå andre nærkontaktar fortløpande. Dersom ein er definert som nærkontakt, blir ein kontakta.

Skule og barnehage

Medlemmar av husstanden til den smitta er mellom anna barn som går på Folkestad skule og i Sandvoll barnehage.

I pressemeldinga blir det opplyst at karantenen førebels bare gjeld barna til den smitta personen, og ikkje dei andre barnehagebarna, elevar ved skulen eller tilsette dei to stadene.

– Eventuelle tiltak overfor dei andre barna og tilsette på skulen og i barnehagen blir sett i verk når testsvara kjem. Dette er på lik linje med slik det blei gjort ved Sauherad barne- og ungdomsskole da det vart oppdaga smitte der. Ein ventar å få svar på testane fredag kveld eller laurdag, opplyser kommunen.