SMITTE- OG VAKSINASJONSKART. Statsforvaltaren har utarbeidd eit kart som viser korleis det står til med risikonivået for smitte i Vestfold og Telemark.
Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand
NYE PRØVESVAR. Laurdag kom det inn svar på koronatestane tatt fredag. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Ny smitte i Midt-Telemark

Midt-Telemark kommune har torsdag ettermiddag fått melding om ein ny positiv covid-19-test.

Torsdag kveld melder Midt-Telemark kommune i ei pressemelding om at ein ny person er smitta i vårt område.

Ifølgje kommunen er smittesituasjonen rundt det nye smittetilfellet under kontroll.

– Personen er tidlegare definert som nærkontakt, har vore i karantene og er nå sett i isolasjon. Det er ikkje behov for ytterlegare smittesporing, heiter det i pressemeldinga.