NYE SMITTETILFELLE: Fire nye smittetilfelle er meldt i Midt-Telemark.
NYE SMITTETILFELLE: Fleire nye smittetilfelle er meldt i Midt-Telemark.Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Nytt smittetilfelle i Midt-Telemark

Enda ein person i Midt-Telemark er smitta av covid-19, melder Midt-Telemark kommune laurdag.

Ifølgje ei pressemelding frå Midt-Telemark kommune er det oppdaga eit nytt tilfelle av ein covid-19-smitta person i kommunen.
Kommunen fekk melding om dette laurdag ved 13-tida.
– Personen er tidlegare definert som nærkontakt til ein smitta og har til nå vore i karantene. Den smitta er nå sett i isolasjon. Det er ikkje behov for ytterlegare smittesporing, heiter det frå kommunen.