HAR OVERSIKT. Ein tilsett ved Gvarv legesenter er smitta av covid-19. I kveld melder kommunen at den har oversikt over alle nærkontaktar.
TRAVELT: Det er travelt på både Bø legesenter og Gvarv legesenter for tida. Det er mykje sjukdom, og mange ønskjer time hos fastlegen sin. FOTO: Arkivfoto

Ein tilsett ved eit legekontor i Midt-Telemark er smitta

Ein tilsett ved legekontoret på Gvarv har testa positivt på covid-19.

Søndag føremiddag melder Midt-Telemark kommune at ein tilsett ved legekontoret på Gvarv har testa positivt på covid-19.
– Smittevegen er kjent og smittesporing er avslutta, heiter det i ei pressemelding som kommunen har sendt ut.
På grunn av dette smittetilfellet blir det nå endringar i drifta ved legekontoret.
Kommunen vil ifølgje pressemeldinga omorganisere drifta på legekontoret frå måndag 21. desember.
– Det blir bare øyeblikkeleg hjelp-timar frå måndag 21. desember Pasientar som har bestilt legetime vil bli kontakta og legetime endra.