HAR OVERSIKT. Ein tilsett ved Gvarv legesenter er smitta av covid-19. I kveld melder kommunen at den har oversikt over alle nærkontaktar.
TRAVELT: Det er travelt på både Bø legesenter og Gvarv legesenter for tida. Det er mykje sjukdom, og mange ønskjer time hos fastlegen sin. FOTO: Arkivfoto

Kommunen har oversikt over smitte knytt til legesenter

Midt-Telemark kommune har no oversikt over nærkontaktar knytt til smitte ved Sauherad legesenter på Gvarv. Nærkontaktane er i karantene og blir testa.

I ei pressemelding frå Midt-Telemark kommune opplyser ordførar Siri Blichfeldt Dyrland at kommunen nå har oversikt over smitte knytt til legesenteret på Gvarv.

– Kommunen reknar med å få svar på testane i løpet av morgondagen, altså tysdag 22. desember. Me informerer om svar på testane så snart me har svar på samtlege, opplyser ordføraren.

Heimekontor

Sauherad legesenter har ikkje lege fysisk til stades, men fleire legar arbeider frå heimekontor.

– Ved behov for øyeblikkeleg hjelp med tilsyn av lege, blir dette handerte av Bø legesenter. Publikum skal ta kontakt med Sauherad legesenter på vanleg måte, og vil da få informasjon om oppfølging, seier Blichfeldt Dyrland.

Bør bruke munnbind

Besøkande på institusjon i Midt-Telemark som kjem frå kommunar med mykje smitte, bør bruke munnbind, ifølgje pressemeldinga.

– Eksempel på kommunar med mykje smitte er kommunar i Grenland og Viken fylke, opplyser ordføraren.