Midt-Telemark kommune har allereie fått tildelt dei første dosane av covid-19- vaksine.
Det melder kommunoverlege Kristin Sekse.
– Ein del av dei som bur på institusjon vil få tilbod om vaksine i veke ein i 2021. Me oppfordrar sterkt alle som får tilbod om vaksine om å ta den. Det vil først og fremst kunne hindre alvorleg sjukdom dersom ein blir smitta, men også at me etter kvart kan leve som normalt igjen, seier Sekse.
Ho understrekar at viss me skal kunne klare å leve som normalt igjen, er ein avhengig av at så mange som mogleg tek vaksina.
Takkar innbyggjarane
Både ordførar Siri Blichfeldt Dyrland og kommuneoverlegen ønskjer å takke innbyggjarane i kommunen for innsatsen deira i koronatida.
– Me meiner at ei av årsakene til at me har ein roleg smittesituasjon i vår kommune, er at me har flinke innbyggjarar som følgjer råda om smittevern. Me rettar ein stor takk til dykk alle. No er det viktig at me held ut, og fortset med å følgje dei enkle råda: vask hendene, hald avstand og hald deg heime om du er sjuk, helsar dei to.