M
Jesus og julenissen
Fleire stemmer skal inn i Bø blad. Derfor har me også i 2020 bedt fire gjesteskribentar om å sjå fritt på lokalsamfunnet. Ellen Hageman er skribent og teolog, busett på Gvarv med utsikt til Lifjell.
Sjølv om eg både er teolog og høyrer til dei som trur at Gud faktisk blei menneske den gongen for drygt 2000 år sidan, har eg skrive fint lite om Jesus og slikt i sidespranga mine her i avisa. Men no er det på tide. Det er snart jul, og eg er allereie mektig lei av nissar.