Siri Blichfeldt Dyrland håpar ein kan få til avtale med kommunedirektøren i neste veke.
ØVSTE SJEF. Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland.

– Tøft å starte året med strenge avgrensingar, men dette skal me klare

I går stramma regjeringa inn på dei nasjonale smitteverntiltaka i to veker framover. Midt-Telemark kommune held seg til dei nasjonale reglane og strammar ikkje inn utover desse reglane.

Søndag blei det klart at regjeringa strammar inn på dei nasjonale smitteverntiltaka i perioden 4.-18. januar. Formålet er å bryte ei eventuell ny smittebølgje etter jul.

Følgjer nasjonale reglar

Det betyr at også innbyggjarane i Midt-Telemark må avgrense sosial kontakt med kvarandre, sjølv om smittetala er låge i kommunen.

– Midt-Telemark kommune held seg hovudsakleg til dei nasjonale tiltaka som er innført og har ingen ytterlegare innstrammingar utover råda som regjeringa har gjeve, seier ordførar Siri Blichfeldt Dyrland til Bø blad.

https://boblad.no/2021/01/03/ber-folk-unnga-besok-og-kjem-med-fleire-strenge-korona-pabod/

– Tøff start på året

– Eg kjenner sjølv på at det er litt tøft å få ein slik start på det nye året, med store avgrensingar på nytt rett etter juleferien. Folk har levd lenge med avgrensingar nå, seier ordføraren, men understrekar samtidig at me har vore heldige i Midt-Telemark.

– Me har hatt lite smitte og har klart å avgrense dei utbrota me har hatt. Det er fordi innbyggjarane har vore veldig flinke, og det trur eg alle vil fortsetje å vere, seier ho, og håpar dei to neste vekene med strenge tiltak vil føre til at smittetrykket lettar litt igjen.

Heimekontor og møte på Teams

Sjølv starta ho veka med møte i kommunens krisestab, deretter har ho hatt tilhald på heimekontoret sitt.

– Midt-Telemark kommune anbefaler heimekontor for sine tilsette der det er muleg og føremålsteneleg. Dette må ein avklare og avtale med nærmaste leiar. Me skal elles bruke det digitale verktøyet Teams til gjennomføring av møte, opplyser ordføraren.

Bruk telefon og e-post

Dei som har behov for å kome i kontakt med saksbehandlarar eller andre i kommunen kan ifølgje kommunen sine heimesider nytte seg av telefon eller e-post. Ein kan unntaksvis gjere avtale om timebestilling ved fysisk oppmøte, men ein må passe på at ein ikkje møter opp viss ein er sjuk.

– Teknisk etat blir stengt for publikum, det gjeld òg helseadministrasjonen, men begge avdelingar får ein kontakt med på telefon og e-post. Kommunehuset held ope mellom klokka 9 og 15, og sentralbordet er tilgjengeleg frå klokka 9 til 14, opplyser skulen.

Skular på raudt nivå

Når det gjeld skulane er det nå innført raudt nivå på både Bø vidaregåande skule, Bø ungdomsskule og for 8.-10. trinn på Sauherad barne- og ungdomsskole.

Drifta på skulehelsetenesta går som normalt, ifølgje kommunen.

– Må vere forsiktig ved besøk

– Me har ikkje innført særreglar for sjukeheimane i Midt-Telemark, men me oppfordrar til å avgrense besøk på institusjonane i komande periode, og ikkje minst vere veldig nøye med å vurdere eiga helse før ein kjem på besøk, seier Blichfeldt Dyrland.

Når det gjeld dagtilboda opplyser ordføraren at desse blir stengt i veke ein, frå og med måndag 4. januar.

– I løpet av veka vil me vurdere om me skal vidareføre dette også veka etterpå, seier ordføraren.

Legekontora vil ifølgje kommunen ha vanlege opningstider.

Frisklivssentralen og Ung Arena

Frisklivssentralen utset oppstart av all gruppeaktivitet til 18. januar, ifølgje kommunens heimesider, og i tråd med dei nasjonale retningslinjene blir det gjort ei ny vurdering for gruppeaktivitet etter den 18. januar.

Ung Arena stengjer lokala sine til og med 18. januar.

Treningssenter fortsatt opne

– Me har fått konkrete førespurnader om eventuell stenging av treningssentra i kommunen. Det er vurdert og er per nå ikkje aktuelt. Me forventar at drivarane av sentra held seg til nasjonale føringar som avgrensar samling av meir enn ti personar innandørs, heiter det frå kommunen.

Elles oppfordrar ordføraren alle til å halde seg oppdatert og følgje med i tida framover, både på kommunens heimesider, gjennom media og på nettsidene til folkehelseinstituttet.

Oppdatert informasjon om smitteverntiltak finn du på følgjande nettside: