210107-Sett-fra-lufta-Bo-sentrum-med-heradshuset

Nytt heradshus og ny brannstasjon, Bøgata 1958

Flyfoto frå Bø. Widerøe Flyselskap dreiv mykje med flyfotografering i heile Noreg på 1950-talet og fram til dei fyrste åra på 60-talet. Sel­skapet hadde over 300.000 slike bilete då dei fekk nye eigarar i 1968. I 1970 blei denne samlinga selt ut av selskapet. I dag er det Bø museum som har hand om fly­bileta med motiv frå Bø. Desse er no lagt ut på Digitalt museum.

Publisert Sist oppdatert

Bø kommune kjøpte tomta til heradshuset i 1951. Om lag halvparten av tomta «Soltun» var frå Vestre Skogen og den andre halvparten frå austre Skogen. På biletet ser vi Skogengardane på kvar si side av heradshuset. I dag er alle husa på desse to gardane i Bø sentrum rivne. Dei siste husa på vestre Skogen forsvann då Skogenkvartalet skulle byggast.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS