202107 Bø blad 1996 Friskoteket

Friskoteket vil bli eit folkeleg helsestudio for heile bygda

«Friskoteket» som ligg inst i Gullbring, blir ei for­størra og forbetra utgåve av Erling Henriksveens helse­studio i Bø, som han har drive og ut­vikla i 13 år.

Flott i seg sjølv, det, men det unike nå ligg i koplinga i Gullbring til idrettshall og badet – og t.d. Kafé Olsen.
– Nå er det opp til bygde­folket å nytte til­bodet, seier Erling, som er drivar av friskoteket for eiga rekning, men i nært samarbeid med Gullbring kultur­anlegg og Høg­skolen i Tele­mark.

– Mange trur at dette er mest for studentar, men det er ikkje rett. Friskoteket er ope for alle!

Kommunelege Kristina Riis Iden og Jan Ove Tangen i Bø idrettsråd under­strekar det same: – Me har nå ein kjempe­sjanse til å gjere heile bygda frisk og rørig. Nokre treng grunntrening for idrettsdeltaking, men andre treng bare ein stad å trene og trimme meir uforpliktande i lag med andre – revmatikarar, pensjonistar eller t.d. granne­lag, Her er staden!