NY SMITTE. Ein ny person har testa positivt på covid-19, melder Midt-Telemark kommune onsdag kveld. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand
NY SMITTE. Ein ny person har testa positivt på covid-19, melder Midt-Telemark kommune onsdag kveld. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Ny positiv test i Midt-Telemark

Kommunen melder om at det er registrert eit nytt smittetilfelle av covid-19 i Midt-Telemark.

Seint tysdag kveld, den 12. januar, fekk Midt-Telemark kommune melding om at ein ny person har testa positivt for covid-19.

– Vedkomande har kjent smitteveg frå annan kommune. Smittesporing pågår, og alle nærkontaktar blir kontakta, heiter det i ei pressemelding frå kommunen onsdag kveld.