INNGANG: Vaksinekoordinatorane Jorunn Verpe (f.v.) og Linda Vala Bråthen viser veg inn til vaksinestasjonen. Det blir ulik inngang og utgang.
INNGANG: Vaksinekoordinatorane Jorunn Verpe (f.v.) og Linda Vala Bråthen viser veg inn til vaksinestasjonen. Det blir ulik inngang og utgang. FOTO: Gro B. RøilandBilde 1 av 4
UT, IKKJE INN: – Ikkje gå inn her, seier vaksinekoordinatorar Linda Vala Bråthen (f.v.) og Jorunn Verpe og kommuneoverlege Kristin Sekse. Hovudinngangen på Sandvin er nå bare utgang.
UT, IKKJE INN: – Ikkje gå inn her, seier vaksinekoordinatorar Linda Vala Bråthen (f.v.) og Jorunn Verpe og kommuneoverlege Kristin Sekse. Hovudinngangen på Sandvin er nå bare utgang.Bilde 2 av 4
GODT MERKA: Kor vaksineringa i Midt-Telemark går føre seg på Sandvin vil bli godt merka.
GODT MERKA: Kor vaksineringa i Midt-Telemark går føre seg på Sandvin vil bli godt merka.Bilde 3 av 4
OMBYGD KAFÈ: Kaféen på ungdomshuset Sandvin er ombygd til vaksinestasjon, med blant anna fem skilde båsar.
OMBYGD KAFÈ: Kaféen på ungdomshuset Sandvin er ombygd til vaksinestasjon, med blant anna fem skilde båsar.Bilde 4 av 4

Vaksinestasjonen i Midt-Telemark er klar til bruk

Ungdomshuset Sandvin er nå rigga og klar til massevaksinering av innbyggjarane i Midt-Telemark. Vaksinestasjonen blir tatt i bruk i neste veke.

På Sandvin har Midt-Telemark kommune funne eit lokale som er stort nok og eigna til vaksinestasjon.

Kommunen har leigd ungdomshuset av Bø ungdomslag, og Sandvin blir vaksinestasjon for alle innbyggjarane i Midt-Telemark kommune.

– Me satsar på å byrje vaksinering her i neste veke, truleg torsdag. Me startar med dei over 85 år som kan kome seg hit på eiga hand, seier kommuneoverlege Kristin Sekse.

I jakta på vaksinestasjon har det vore viktig ikkje å legge beslag på lokale som blir brukt til barne- og ungdomsaktivitet. Bø barne- og ungdomsteater som elles har øvingar og framsyning på Sandvin, er i år flytta til Gullbring.

– Mange har lagt godviljen til for å få til dette, seier Sekse.

Fleire inngangar

– Sandvin passar logistikkmessig bra, med god plass og fleire inngangar. Her kan ein ha ulik inngang og utgang, opplyser vaksinekoordinatorane Linda Vala Bråthen og Jorunn Verpe.

Inngangen er på framsida, lengst til høgre, der ein går inn til peisestove og kafé. Inngangen er merka med skilt over døra.

Hovudinngangen til Sandvin er nå bare utgang. Det er også tydeleg merka på utsida, med inngang forbode-skilt på porten.

Poenget er at folk ikkje skal møtast i døra, men gå inn den eine døra og ut den andre.

Ombygd kafé

Inne er kafélokalet bygd om til vaksinestasjon. Ved hjelp av sponplater er det laga fem skilde båsar for vaksinering og ein bås med seng i tilfelle behov.

Folk vil bli tatt imot av vaksinevertar. Her har kommunen fått hjelp frå Bø og Sauherad Røde Kors og Oterholt helselag.

Ein vil få timeavtale til vaksinering på førehand. Det er viktig å kome presis, ikkje lenge før. Det er ikkje plass inne til å vente.

– Kom til tida. Det er ikkje nødvendig å vera ute i god tid, seier Verpe.

Fleire frivillige stiller opp for å hjelpe til. Medlemmer i Lions Club Bø og Sauherad bidrar med å ringe til dei over 85 år som skal vaksinerast.

Sjølve vaksineringa blir gjort av sjukepleiarar og helsesjukepleiarar, mens administrativt personell tek imot og registrerer etter kvart som folk kjem.

Få vaksiner

Sandvin gjer at vaksinekapasiteten i Midt-Telemark er stor.

– Me har rapportert inn at me nå kan vaksinere ein fjerdedel av innbyggjarane på to veker. Det er tilgangen på vaksiner det kjem an på, seier Sekse.

Foreløpig er tilgangen beskjeden. Med dagens tempo vil det ta to og eit halvt år å få alle i Midt-Telemark vaksinert, ifølgje kommuneoverlegen.

Ho reknar med at mengda vaksiner vil auke kraftig på utover vinteren og våren. Kommunen har leigd Sandvin ut juni.

– Me håper at me nærmar oss ferdig med vaksineringa til da, seier Sekse.

Folk får tekstmelding

Folk over 85 år som skal vaksinerast, vil bli oppringt.

Neste pulje er folk mellom 75 og 84 år. Deretter følgjer innbyggjarar mellom 65 og 74 år.

Folk over 65 år vil dei nærmaste dagane få tilsendt ei tekstmelding på telefonen med spørsmål om dei vil ha vaksine. Takkar dei ja, følgjer ein instruksen vidare i meldinga for å bli registrert i vaksinekø.

Treng nokon hjelp til dette, er det mogleg for vener og familie å registrere for ein.

– Når du står i vaksinekø, kan du vera trygg på å bli kontakta av oss, seier Vala Bråthen.

– Det er viktig at me har mange nok i kø, for når vaksinane kjem, skal dei brukast innan fire dagar, seier Marte Midttun Lie, einingsleiar på kommunikasjon og service i kommunen.

Neste vaksinasjonsgruppe er personar mellom 18 og 65 år i risikogrupper. Deretter kjem andre mellom 18 og 64 år.

Det kjem nye doser ein gong i veka. Det er kome 60 doser denne veka og i veke fire kjem 80 doser til.

Til nå har 82 personar i Midt-Telemark fått vaksine. Det er busette på institusjon, samt seks tilsette innan helse og omsorg.