PRØVETAKING: Måndag vart det tekne mange korona-prøver på Gvarv. 
F: Marta Kjøllesdal
Koroan testing prøve Gvarv covid-19 pandemi virus
PRØVETAKING: Prøvetaking på Gvarv tidlegare i haust. Arkivfoto: Marta Kjøllesdal
PRIVAT OG OFFENTLEG: Helsepersonell oppheld seg både i privat og offentleg sektor. I dag presenterer Bø blad ei oversikt over korleis jobbar i kommunen fordeler seg i privat og offentleg regi. (Illustrasjonsfoto) FOTO: Marta Kjøllesdal

– Alle testar er negative til og med fredag

– Alle korona-testar som vart tekne i Midt-Telemark kommune til og med 22. januar er negative. Det melder kommunelege Kristin Sekse laurdag kveld.

Sekse skriv i ei melding på nettsida til kommune at ein følgjer situasjonen i Nordre Follo nøye. Det var her det nyleg vart oppdaga fleire tilfelle av den ekstra smittsame engelske mutanten av koronaviruset. Som Bø blad har skrive tidlegare ser Sekse ikkje nokon grunn til at det skal innførast ekstra tiltak i Midt-Telemark enno.

– Men det kan endre seg fort og me er klare til å utføre endringar raskt, skriv Sekse.

Ho oppfordrar folk til å følgje med.

– Det muterte viruset spreier seg i rekordfart og vil truleg spreie seg til andre kommunar, legg ho til.

Kommuneoverlege Kristin Sekse FOTO: Marta KJøllesdal

Sekse skriv også at me no er inne i ein fase der det å følgje smittevernreglane er viktigare enn nokon gong. Ho bed folk:

  1. Halde avstand
  2. Vaske hendene
  3. Be om koronatest ved den minste mistanke om at ein kan vere smitta.

Sekse skriv at nye symptom på forkjøling eller mistanke om at ein har vore nær nokon som har vore smitta er grunnar til koronatesting.