– UNNGÅ GAPESTOKK. Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland ber nå innbyggjarane vere rause mot kvarandre og ikkje hetse folk som får påvist covid-19.
VENTAR OG SER: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland seier ar ein ventar og ser, etter råd frå kommuneoverlegen.

– Ingen nye tiltak i Midt-Telemark no

I dag, laurdag, er det innført svært strenge restriksjonar i ni kommunar i Akershus og Østfold og i Oslo kommune for å stoppe utbrotet av den engelske mutasjonen av koronaviruset.

Innstrammmingane skjer etter dødsfall på ein sjukeheim i Nordre Follo og funn av det muterte viruset hjå fleire personar i Nordre Follo. Myndigheitene fryktar at smitten har spreidd seg til andre kommunar rundt. Tiltaka gjeld kommunane Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Nordre Follo, Oslo, Vestby, Våler og Ås i første omgang, opplyser regjeringa på si heimeside. Tiltaka har blant anna ført til at butikkar utanom matbutikkar, apotek og bensinstasjonar har stengt. Det har igjen ført til rapportar om polkøar i nabokommunane.

Ordførar i Midt-Telemark, Siri Blichfeldt Dyrland, opplyser at ein i samråd med kommuneoverlegen ikkje gjer endringar i kommunen no. Ho skriv i ei melding til Bø blad at ein ventar og ser an situasjonen.

Universitetet i Søraust-Noreg har opna for fysisk undervisning på studiestadane denne veka. Blichfeldt Dyrland opplyser at ein har møte i krisestaben i ettermiddag og vurderer situasjonen.

I dag skulle Vinterkarusellen, eit vinterløp arrangert av friidrettsgruppa i Skarphedin gått i Bø. Det vart avlyst fordi regjeringa fredag sa at ein presiserer eit punkt som gjeld arrangement i dei nasjonale tiltaka som gjeld frå onsdag 20. januar. Presiseringa er at ein bør avlyse arrangement og utsette arrangement som samlar personar frå fleire kommunar.