USN innfører restriksjonar etter nedstenging i ti kommunar

Universitetet i Søraust-Noreg (USN) innfører restriksjonar for to av studiestadane. Studentar som bur i ei av dei ti kommunane med ekstra strenge restriksjonar har fått eigne reglar.

 

Det går fram av ein epost frå rektor Petter Aasen til vertskommunar og studentar.

I eposten står det at undervisning ved studiestadane i Drammen og Ringerike skal vere digital. Dei tilsette ved desse to avdelingane skal ha heimekontor så langt det er praktisk mogleg. Studentar som bur ein av dei ti kommunane med ekstra strenge tiltak skal ikkje reise til praksisstader utanfor dei ti kommunane, eller til nokon av USN sine studiestadar. Dei ti kommunane er: Oslo, Nordre Follo, Ås, Vestby, Nesodden, Indre Østfold, Frogn, Enebakk, Moss og Våler.

Onsdag i veka som gjekk opna USN for undervisning ved studiestadane igjen.

Dersom nokon av dei tilsette som bur i ein av desse kommunane må til arbeidsplassen for å gjennomføre digital undervisning vil det, ifølgje eposten, vere ei nødvendig reise som kan gjennomførast.

På alle andre studiestadar vil det vere ein kombinasjon av digital og fysisk undervisning i tråd med det ein har vedteke tidlegare.

Rektor skriv at ein i størst mogleg grad vil unngå reiser. USN vil følgje med på om andre kommunar innfører liknande restriksjonar som dei ti.