Nye tiltak etter at fleire tilfelle av engelsk mutasjon er oppdaga

Søndag kveld revurderte regjeringa nokre tiltak og utvida talet på kommunar med ekstra strenge tiltak mot den smittsame engelske mutanten.

Søndag vart det funne 11 nye tilfelle av den ekstra smittsame virusvarianten i Nordre Follo. Folkehelseinstituttet vurderer faren for smitte i området for stor. Derfor innfører regjeringa også strenge tiltak for kommunane Asker, Aurskog-Høland, Bærum, Drammen, Horten, Lier, Lillestrøm, Lunner, Lørenskog, Marker, Nittedal, Rakkestad, Rælingen, Råde og Skiptvet. Det kom fram på ein pressekonferanse søndag kveld.

Tiltaka gjelde frå midnatt natt til 25. januar og til 31. januar.

Tiltaka blir i stor grad like dei som gjeld for dei ti første kommunane, men er ikkje fullt så strenge.

Dei lange køane som oppstod i nabokommunane etter at Vinmonopolet vart stengt i dei ti kommunar, blant dei Oslo, laurdag, gjorde at polet får lov til å halde ope også i dei ti kommunane.

Dei ti kommunane med strengaste tiltak er:

Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Nordre Follo, Oslo, Vestby, Våler og Ås.