KORONAUTGIFTER: Midt-Telemark kommune er tildelt skjønnsmidlar frå Statsforvaltaren i samband med koronautgifter.
Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Ny smitta person i Midt-Telemark

Ein nærkontakt av personen som blei meldt smitta måndag denne veka har testa positivt for covid-19.

Tysdag kveld melder Midt-Telemark kommune at det er stadfesta eit nytt smittetilfelle i kommunen.

– Det er ingen mistanke om at det dreier seg om det muterte viruset, opplyser kommunen i ei pressemelding.

– Me fekk i kveld eit nytt positivt covid-19 tilfelle. Vedkomande er ein kjent nærkontakt av smittetilfellet frå i går, måndag 25. januar. Den som er smitta har vore i karantene, og er nå sett i isolasjon, melder kommunen.

Det blir opplyst at det ikkje er andre nye nærkontaktar av dei smitta. Smittesporing er derfor avlsutta.