210211 Innflyttar Lynn Anita Tandberg

– Eg er overvelda av å møte så mange fine menneske her

– Eg drøymer om at toget skal stoppe på Gvarv stasjon. Då ville det kjennast som bandet mellom Oslo og livet her ville bli foreint, på eit vis, seier innflyttar Lynn Anita Tandberg (43).

Når flytta du til Midt-Telemark?
– Eg flytta hit i 2016 då eg gjekk ut i fødselspermisjon og slutta i jobben eg hadde ved Oslo Museum.

Kvifor flytta du til Midt-Telemark?
– Eg traff sambuaren min, Eirik Eriksen, i 2013 og valte etter kvart å busetje meg her. Me fekk ei dotter i 2016.

Kor kom du frå, og kva gjer du her?
– Eg kjem frå Oslo, og eg jobbar nå på biblioteket i Midt-Telemark.

Kva likar du med Midt-Telemark?
– Det er så mykje flott med Midt-Telemark, men naturen og folka er det aller beste, synest eg. Eg er overvelda av å møte så mange fine menneske og er så takknemleg for å kunne vise dottera mi ei så vakker verd her.

Kva likar du ikkje med Midt-Telemark?
– Tja… eg saknar nokon gonger litt meir mangfald. Eg har budd store deler av livet mitt på Grønland i Oslo og har elska yrande liv og ulike utrykk innan musikk og kunst, som har vore lett å oppsøke.

Kva kan Midt-Telemark bli betre på?
– Å skape rom for å vise mangfald av ulike kunstariske uttrykk.

Blir du verande i Midt-Telemark?
– Eg blir verande her. Eg har blitt veldig glad i denne staden og har knytta uløyselege band til plassar, menneske og ein jobb eg trivst veldig godt i. Dottera mi skal gå på skule og få sin oppvekst her. Oslo kan me alltids besøke. Me har busettt oss på Gvarv, og eg drøymer om at toget skal stoppe på Gvarv stasjon. Då ville det kjennast som bandet mellom Oslo og livet her ville blitt foreint, på eit vis.