FÅR INNOVASJONSSTØTTE. Redaktør Hilde Eika Nesje og resten av gjengen i Bø blad får støtte til to innovasjonsprosjekt i  lokalavisa for Midt-Telemark.

– Å satse på jentefotball handlar om vilje

Skarphedin fotball har blitt kåra til årets jenteklubb i Telemark. Med dét har den lokale fotballklubben prestert noko som er viktig både her og nå og i framtida, samtidig som klubben nok ein gong viser at den ligg godt frampå når det gjeld å ta forball og jenter på alvor.

Det er dessverre slik at ein ikkje skal særleg langt, kanskje bare rett over hekken, for å finne døme på at det er langt igjen før jente- og kvinnefotball får plass og prioritering som fortent. For i idretten handlar det fortsatt om haldningar, ofte svært mannssjåvinistiske haldningar, som legg hindringar for full likestilling også på denne samfunnsarenaen. Det viser seg i fleire idrettsgreiner, og nokre stader meir tydeleg enn andre. I hoppsporten ser me grelle eksempel på det i dag, me ser det i ulike styre og råd, blant OL-pampane og ikkje minst i kor vanskeleg det kan vere å seie ifrå, gjere opprør og setje fokus på problemet. Den profesjonelle fotballspelaren Ada Hegerberg, som spelar for Olympique lyonnais i den franske eliteserien for kvinner, er eit godt eksempel på det.

Heldigvis har idretten begynt å vise større vilje til å gje kvinner meir plass på dei mange ulike plattformane som kan vere med på å endre systemet. Ikkje før det blir likestilling eller vilje til å endre på etablerte sannheiter på område der definisjonsmakta ligg, kan det bli betre. Det kjem nå til syne i Skarphedin fotball, der ein nå jobbar bevisst for å gje jenter den same mulegheiten til å bli gode som gutane. For her handlar det ikkje om at gutar reint fysisk er skapt til å bli betre fotballspelarar enn kvinner. Det handlar om at begge kjønn får dei same mulegheitene slik at nivået generelt blir betre. Da vil også resultata kome.

Heilt sidan eldsjela Arve Egenæs drog i gang Skarphedins damelag i 1980, med flirande gutar på sidelina og kritiske mannlege røyster som meinte at kvinner ikkje hadde noko på fotballbanen å gjere, har det gått slag i slag mot betre tider i klubben. I dag er Skarphedin den største klubben på jentefotball i kretsten, med jentelag på alle årskull, kvinneleg leiar og fleire kvinner i styret, samt eigen trenar for jentefotball og fotballfritidsordning. I tillegg er det gode hospiteringsordningar også for jentene. Alt dette er viktige kriterium for å vere ein god klubb også for jenter, og det lovar godt for framtida. Me heier på Skarphedin fotball som har vist at ein kan viss ein VIL.