FAST SPALTIST: Stanley Jacobsen er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.
Privat
Om å passa inn
Stanley Jacobsen er vestlending, sivilagronom, visesongar, viseforfattar, plateartist, pionèr i Telemark og Noreg på entreprenørskap i utdanning. Har budd i Puttland i Bø sidan 1990. Er 71 år og pensjonist.
På tampen av fjoråret fekk eg telefon frå redaktøren i Bø blad som spurde om eg ville vera spaltist. Eg hadde lese desse spaltistane med interesse og hugnad, men eg hadde òg lagt merke til at det var mykje lokalt og mykje om før i tida. Korleis kunne eg passa inn i det? Ein innvandrar frå Vestlandet som verken har ei fortid eller framtid som rånar, og som ikkje har trakka i Bøgata i landsgymnastida?