Hopp til hovedinnhold
STRAMMAR INN: Helse- og omsorgsminister Bent Høie kom tysdag kveld med nye nasjonale tiltak for å møte den nåverande smittesituasjonen.
NY VAKSINESTRATEGI: Helse- og omsorgsminister Bent Høie seier i dag at ein truleg vil begynne å skeivfordele vaksinane mot covid-19 i Noreg.
MÅ FØLGJE SMITTEVERNRÅDA. Helse- og omsorgsminister Bent Høie understreka på ein pressekonferanse fredag at det er viktig at alle følgjer smittevernråda for å avgrense oppblomstringa av koronasmitten.
UTSET TRINN FIRE I GJENOPNING. Helse- og omsorgsminister Bent Høie opplyste i dag at trinn fire i regjeringas gjenopningsplan blir utsett med fjorten dagar. FOTO: Borgos foto AS

Vil gje fleire vaksinar til Oslo og andre kommunar med høgt smittetrykk

Regjeringa gjev Folkehelseinstituttet (FHI) fullmakt til å førebu skeivfordeling av vaksinar til ein del bydelar i Oslo og enkelte andre kommunar som har hatt vedvarande høg smitte.

FHI ga tysdag anbefaling om å flytte tre prosent av vaksinedosane frå bydelar og kommunar med få innlagte koronapasientar, og gje til bydelar i Oslo, Lørenskog og fleire østfoldkommunar som er hardast ramma av smitte.
– Regjeringa meiner at fordeling av vaksinar er eit veldig fagleg spørsmål, og me legg stor vekt på FHIs anbefaling. Derfor ber me FHI om å starte arbeidet med ei beskjeden geografisk skeivfordeling av vaksinane, sa helse- og omsorgsminister Bent Høie på ein pressekonferanse tysdag ettermiddag.

Justerer fordelinga

– Fordelinga og bruken av vaksinane skal bidra til å beskytte liv og helse og bringe oss tilbake til kvardagen. Basert på nye faglege vurderingar skal me derfor justere strategien når me nå har kome eit steg vidare i vaksineringa, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

– Til nå har vaksinane blitt fordelt på kommunane etter tal på innbyggjarar i den eldste aldersgruppa. Nå kan vaksinane bli fordelt etter folketal. Det betyr at ei rekkje større kommunar i heile landet som har hatt fleire smitteutbrot vil få ein større del av vaksinane, seier Høie. 

«Beskjeden geografisk skeivfordeling»

– Me har heile tida sagt at vaksinestrategien skal bli justert i tråd med ny kunnskap og endra føresetnader. FHI meiner at det er riktig å prioritere dei med aller høgast risiko først i heile landet, og har tidlegare ikkje anbefalt prioritering etter smittetrykk. I ei ny vurdering frå 24. februar anbefaler FHI nå ei beskjeden geografisk skeivfordeling, seier Høie.

Ifølgje FHI viser dei nye modelleringane og berekningane frå FHI at når dei mest sårbare i heile landet i hovudsak er beskytta, vil ei geografisk skeivfordeling av vaksinar til dei områda som har hatt vedvarande høg smitte, truleg føre til samla sett færre sykehusinnleggingar og risiko for dødsfall.

Folkehelseinstituttet peikar på tre alternativ til geografisk skeivfordeling av vaksinar i vurderinga si. Av desse alternativa anbefaler ein «beskjeden skeivfordeling». Det betyr eit forslag om at det skal gå fleire vaksinar til ein del Oslo-bydelar og enkelte andre austlandskommunar som har hatt mange innlagte på sjukehus samanlikna med andre kommunar.

Dette gjeld bydelane Stovner, Grorud, Bjerke, Alna, Gamle Oslo og Søndre Nordstrand, samt kommunane Lørenskog, Sarpsborg, Fredrikstad og Moss, som med modellen vil få om lag 20 prosent fleire dosar.

Tre prosent mindre til andre kommunar

De ekstra dosane skal ein hente ved at dei rundt 330 kommunane som har hatt færrast innlagte på sjukehus, får ein reduksjon i talet på dosar på tre prosent.

–  Det vil alltid vere usikkerheit knytt til slike berekningar. Jo mindre forskjellane er, jo større usikkerheit, men samla sett meiner FHI nå at den beste faglege anbefalinga ein kan gje er å innføre denne skeivfordelinga, seier Høie.

FHI peikar sjølv selv på nokre uavklarte juridiske og etiske problemstillingar knytta til ei slik skeivfordeling. Regjeringa har derfor allereie gjeve Helsedirektoratet og FHI i oppdrag å raskt avklare desse spørsmåla som ein del av denne førebuinga

Vaksinefordeling etter befolkningstal

Det er knappheit på vaksinar i heile verda. Noregs strategi med å tilby vaksine til dei eldste og helsepersonell først, er den same som i dei fleste andre land.

Til nå er vaksinane fordelt på kommunane etter talet på innbyggjarar i den eldste aldersgruppa. Stader med yngre befolkning, som Oslo og Rogaland, har derfor vaksinert ein lågare del av befolkninga enn dei med eldre befolkning. Dei har likevel fått vaksinert dei mest sårbare på lik linje med andre.

Når dei mest sårbare nå er i ferd med å bli vaksinert, kan ein ifølgje regjeringa gå over til å fordele vaksinar etter innbyggjartal. Det vil gje kommunar med  yngre befolkning fleire dosar enn med dagens fordelingsnøkkel. I dag får for eksempel Oslo kommune 9,2 prosent av alle vaksinar. Dersom ein endrar fordelingsnøkkel til folketal, vil Oslo kunne få rundt 13 prosent av vaksinedosane.

– FHI har allereie mandat til å endre fordelingsnøkkelen, slik at vaksinane kan bli fordelt etter folketal, og ikkje etter alder. Eg forventar at ei slik endring kan skje i løpet av kort tid, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.