VIL HA FLEIRE GULE HUS: Niels Gerner Nielsen (29) vil spreie Det Gule Hus over heile landet og jobbar nå med eit franchisekonsept. Butikken i Bø legg han ut for sal.
VIL HA FLEIRE GULE HUS: Niels Gerner Nielsen (29) vil spreie Det Gule Hus over heile landet og jobbar nå med eit franchisekonsept. Butikken i Bø legg han ut for sal.

Håkken? Hått? Hårre?

Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang.
Spørsmåla kan til tider vera farga av det.
Denne gongen er det Synnøve sin tur.

1. Kva er namnet til artisten Tix?
2. Kva er ein rabbinar?
3. Kva er namnet på Braathens planlagte, nye flyselskap?
4. Kva heiter læra om alderssjukdommar?
5. Kva for ei kjent, fransk visesongarinne blei kalla Spurven?
6. Kva er verdas dyraste krydder?
7. Kor gammal er Justin Bieber?
8. Kva er ein akkar?
9. Kom kong Haakon og kronprins Olav heim samtidig frå England i 1945?
10. Kva for drikk forbind ein med bosktavane V.S.O.P.?
11. Kva for ein dato er FN-dagen?
12. Når, etter kalenderen, reknar ein den fyrste vårdagen?
13. Kva heitte Storbitannias fyrste kvinnelege statsminister?
14. I fjor blei konfirmasjonen i Midt-Telemark flytta til hausten, grunna Korona-epidiemien.
Korleis blir det for årets konfirmantar?
15. Kven er den nye drivaren av Det Gule Hus i Bø?

1. Andreas Haukeland 2. Ein forstandar i ein jødisk menighet 3. Flyr 4. Geriatri 5. Edith Piaf (1915-63) 6. Safran 7. 27 år 8. Ein blekksprut 9. Nei, kron­prinsen kom 13. mai og kong Haakon 7. juni 10. V.S.O.P. (Very Superior Old Pale) er eit kvalitetesmerke for konjakk 11. 24. oktober 12. 1. mars 13. Margaret Hilda Thatcher. Statsminister 1979-90 14. Den blir i september 15. Wenche Darrud