Hopp til hovedinnhold
Skulestart 2019 Leik friminutt Bø skule
VIL HA LEKSEFRI. Klasse 7B ved Bø skule skriv at lekser påfører elevane stress. FOTO: Arkiv

Fortsatt gult nivå i skular og barnehagar på nasjonalt nivå

Regjeringa gjer ikkje endringar i det nasjonale tiltaksnivået for skular og barnehagar, men kommunar som har mykje smitte bør i samråd med helsemyndigheitene vurdere overgang til raudt nivå.

– Flest muleg barn og elevar må få komme i barnehagane og på skulen, samtidig som me sikrar eit godt smittevern tilpassa dei nye virusvariantane. Derfor vurderer me justering i smittevernrettleiarane, og me vil sjå på tiltak som gjer at barnehagar og skular kan vere opne sjølv med strengare smitteverntiltak, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) på regjeringas heimeside, regjeringen.no tysdag føremiddag.

Bør innføre raudt nivå ved smitte

Regjeringa opplyser at sjølv om det nasjonale tiltaksnivået fortsatt skal vere på gult nivå, bør kommunar nå vurdere å innføre raudt tiltaksnivå lokalt der smittesituasjonen tilseier det. Samtidig blir det arbeidd med å forsterke smittevernet på gult nivå i tillegg.

Oppfordrar til gode lokale løysingar

Regjeringa vil denne veka sende brev til kommunar, fylkeskommunar og andre barnehage- og skuleeigarar der ein ber dei ansvarlege om å finne gode løysingar slik at barn og unge kan vere mest muleg til stades, også på raudt nivå.

– Ein bør blant anna vurdere fleksibelt oppmøte og å lempe på krava til lokale. Kommunane kan til dømes innføre meir bruk av uteskule og sjå på mulegheiten til å nytte andre fagpersonar, som til dømes miljøarbeidarar, for å avlaste det pedagogiske personalet, heiter det frå regjeringa.

–  Me vil òg vere tydelege på at helsestasjonar, skulehelsetenesta og andre tenester retta mot barn og unge bør vere opne og tilgjengelege for fysisk oppmøte så langt det let seg gjere, seier Melby.

Skal justere trafikklysmodellen

Folkehelseinstituttet (FHI), Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet er allereie i gang med å revidere smittevernrettleiarane for skular og barnehagar. Dei oppdaterte rettleiarane skal vere klare i løpet av neste veke.

– Me vil vurdere justering i trafikklysmodellen, slik at særleg gult og raudt nivå blir betre tilpassa smittesituasjonen. Me har fått mange innspel frå barnehagane og skulane om at dei ønskjer seg oppdatering av rettleiarane etter at dei nye virusvariantane har kome, seier Melby.

Statsforvaltarane skal bidra med rettleiing til kommunane, skular og barnehagar for å sikre god bruk av smitteverntiltaka. Statsforvaltarane skal òg rettleie kommunane som tilsynsmyndigheit.

– Det går derfor ut brev frå regjeringa denne veka til alle statsforvaltarane i landet om at dei må gje god informasjon og rettleiing til skular og barnehagar. Med god rettleiing og innretning av tiltaksnivåa kan me betre smittevernet, samtidig som me legg til rette for at ein kan vere mest muleg til stades i skular og barnehagar slik at byrden bli lågast muleg for barn og unge, seier Melby.

Midlar til sommarskule

Regjeringa vil støtte faglege og sosiale tiltak for barn og unge. Derfor kan kommunane nå søkje på 500 millionar kroner som ein skal bruke til å opprette nye sommarskuletilbod, eller utvide eksisterande tilbod med.

Sommarskuletilbodet skal gje elevar i grunnskolen ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar sommaren 2021.

Søknadsfristen for kommunane er 19. mars.