Hopp til hovedinnhold
NY SMITTE. Det er oppdaga ny smitte i Midt-Telemark. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand
SMITTA AUKAR: Også sundag er det meldt om nye smittetilfelle i Midt-Telemark. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Her kan du sjå kor strenge tiltaka blir dersom smitten ikkje går ned

Den nye virusvarianten spreier seg fort og smittetala aukar. Kommunane som nå har utbrot har innført strenge tiltak, men viss smitten ikkje går ned, må regjeringa raskt innføre nye nasjonale tiltak.

Det kom fram da statsminister Erna Solberg informerte Stortinget om koronasituasjonen i Noreg tysdag morgon. Ho ber alle vere flinke til å følgje smittevernreglane i dei komande vekene, slik at regjeringa slepp å innføre strenge tiltak som vil ramme heile landet, uansett smittesituasjon.

– Talet på koronapasientar på sjukehus aukar, det same gjeld talet på personar som treng intensivbehandling. Det gjev grunn til bekymring, seier statsministeren.

– Me må slå ned smitten fordi den nye virusvarianten spreier seg mykje lettare, og fordi den kan føre til meir alvorleg sjukdom, legg Solberg til.

Lokale tiltak

I samband med pandemien er det allereie sett i verk ei rekkje tiltak som gjeld heile landet. Ved lokale smitteutbrot vil det ifølgje regjeringa vere behov for meir inngripande lokale tiltak. Det er derfor viktigare enn nokonsinne at kommunane reagerer raskt.

– Kommunane, som har gjort ein fantastisk innsats under pandemien, må setje i verk nødvendige og tilstrekkelege tiltak umiddelbart når dei oppdagar smitte. Kommunelegen må med ein gong ta grep for å stoppe smittespreiing viss det tar tid før kommunestyret kan samle seg, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Kommunar med utbrot må raskt samordne tiltak med nabokommunane for å hindre at smitten spreier seg. Kommunelegane i dei kommunane det gjeld må raskt sørgje for felles grep viss det tar tid for kommunane å samordne seg, er òg meldinga frå Høie.

Regionale tiltak

Regjeringa varslar nå at den vil reagere raskt og gripe inn viss tiltaka lar vente på seg og det er fare for smittespreiing. Regionale tiltak fastsett av regjeringa vil bli vurdert blant anna i følgjande situasjonar:

  • der hastegraden gjer det nødvendig med rask og koordinert regulering, eller der vedtaksprosessane i kommunane tar for lang tid
  • der kommunar med nokså like behov i same region ønskjer ulike tiltak
  • der det er tvil om tiltaksnivået i eit område er tilstrekkeleg til å slå ned smitten
  • dersom andre nasjonale omsyn tilseier det, til dømes kapasiteten i spesialisthelsetenesta.

Store delar av den norske befolkninga er allereie omfatta av svært strenge tiltak. Førre veke innførte regjeringa restriksjonar i fleire kommunar i Vestfold og Telemark. Befolkninga i Oslo har hatt strenge restriksjonar i fleire månader.

Nasjonale tiltak

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet råder ikkje regjeringa til å innføre strengare nasjonale tiltak akkurat nå, men dei vurderer situasjonen frå dag til dag saman med Helse- og omsorgsdepartementet.

Dette er dei strengare nasjonale tiltaka som vil bli innført viss dagens tiltak ikkje er nok til å få ned smittespreiinga:

  • Råd om å halde to meters avstand til andre bortsett frå personar i eigen husstand eller nærkontaktane til aleinebuande
  • Råd om maks ti private kontaktar per veke, i tillegg til grense på maks fem gjester
  • Forbod mot skjenking av alkohol
  • Forbod mot innandørs organisert idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne. Unntak for profesjonelle toppidrettsutøvarar
  • Stenging av treningssenter og symjehallar. Unntak for symjetrening for barn og rehabilitering
  • Stenging av underhaldningstilbod som fornøyelsesparkar, bingohallar og liknande
  • Arbeidsgjevar skal sørgje for at tilsette jobbar heimefrå på alle arbeidsplassar det er praktisk muleg
  • Færre deltakarar på arrangement:
    • Inne: 20 personar med faste, tilviste sitjeplassar (ned frå 100)
    • Inne: 50 personar i gravferder og bisettingar (ned frå 100)
    • Inne: 50 personar på arrangement for dei under 20 år – bare frå same kommune
    • Ute: 50 personar på arrangement (ned frå 200 eller 600 ved faste, tilviste sitjeplassar)

Vurderer råd frå januar

Dersom regjeringa ser ytterlegare behov for det, vil den også vurdere å gjeninnføre råda frå januar:

  • Råd om ikkje å ha besøk heime for ein periode på to veker
  • Utsetje alt av arrangement
  • Digital undervisning på universitet, høgskular og fagskular
  • Ungdomsskular og vidaregåande skular på raudt nivå
  • Kommunar med høgt smittetrykk bør vurdere raudt nivå også på barneskular og i barnehagar

Dette gjeld nå

– Sjølv om me ikkje innfører nye nasjonale tiltak i dag, vil eg minne om råda som gjeld. Alle, i heile landet, må avgrense sosial kontakt. Skal ein møte nokon utanfor husstanden, så gjer det helst utandørs. Ikkje reis til utlandet. Innanlands bør ein unngå unødvendige reiser. Alle som har mulegheit, bør ha heimekontor. Arrangement som samlar folk frå fleire kommunar, bør ein avlyse eller utsetje, seier Solberg.

Reiser og påskeferie

Fram til 15. april gjeld reiserådet om ikkje å reise til utlandet, med mindre det er strengt nødvendig. Det betyr at folk som bur i Noreg ikkje bør dra til utlandet i påskeferien.

Nordmenn og folk som er busett i Noreg som nå drar på ferie ut av landet, må også vere førebudd på at regjeringa vurderer å utvide karantenehotellordninga til nye grupper. Det betyr at personar som reiser på fritidsreise til utlandet nå, sannsynlegvis må ta innreisekarantenen på hotell når dei kjem heim att.

Regjeringa vil også vurdere å forskriftsfeste eit krav om at dei som gjennomfører innreisekarantene heime, må ha adskilte soverom og eige bad, og kunne halde to meters avstand.

For dei som vil feriere i Noreg, vil regjeringa komme tilbake med meir konkrete råd for påskeferien. Korleis desse blir er avhengig av smitteutviklinga den nærmaste tida.

–  Regjeringa vil allereie nå oppfordre nordmenn som er busett i utlandet, blant anna studentar, om å ikkje komme heim i påska, seier Bent Høie.

Regjeringa anbefaler vidare at det blir planlagt for digital undervisning på universitet og høgskular  den første veka etter påske.