MÅ MELDE FRÅ. Helsepersonell som har fått AstraZeneca-vaksine og som får alvorlege biverknadar blir bedt om å melde frå.
NÅ KJEM VAKSINEN. Tysdag er dei første vaksinane mot covid-19 på plass i Midt-Telemark kommune.
VAKSINE. Det blir stadig sett nye stikk og talet på vaksinerte aukar. Illustrasjonsfoto

Oppfordrar vaksinert helsepersonell til å følgje med om dei får symptom

Helsepersonell som er vaksinerte bør følgje med på om dei får symptom. Det er oppfordringa frå Folkehelseinstituttet og Statens legemiddelverk, det kom fram på ein hasteinnkalla pressekonferanse laurdag.

Det skriv NRK på nett.

Det gjeld vaksinen frå Astra Zeneca.

Folkehelseinstituttet (FHI) stoppa tidlegare i veka  bruken av denne vaksinen for å vurdere faren for blodpropp. I ei pressemelding som kom torsdag blir det opplyst at grunnen er at det var eit dødsfall på grunn av blodpropp i Danmark.

Helsearbeidarar med blodpropp

Laurdag kom det melding om tre tilfelle av helsearbeidarar som har fått blodpropp i Noreg.  Det var bakgrunnen for at Legemiddelverket og FHI hasteinnkalla til ein felles pressekonferanse. Ifølgje NRK på nett er dei tre som har blitt sjuke vaksinerte i løpet av dei siste 14 dagane og alle er under 50 år.

Overlege Sigurd Hortemo ved Legemiddelverket bed, ifølgje NRK, helsepersonell som har vaksinert seg om å vere merksame på symptoma. Han understrekar også at ein enno ikkje har  konkludert med om det er ein samanheng.

Blødingar i huda

Hortemo seier at fleire yngre pasientar har rapportert om at dei har fått hudblødningar eller større blå flekkar etter vaksinen. Det kan vere eit alvorleg teikn på nedsett tal på blodplater.

Legemiddelverket opplyser til NRK at dei tre har eit veldig uvanleg sjukdomsbilde. Dei har blødningar, blodpropp og lågt tal på blodplater i blodet.

Steinar Madsen i Statens legemiddelverk seier til nettstaden at dei tre er ganske sjuke.

Aftenposten og VG var først ute med omtale av dei sjuke helsearbeidarane og diagnosen.

Ein død i Innlandet

Legemiddelverket skriv i ei pressemelding fredag at ein helsearbeider i Innlandet er død etter vaksine med Astra Zeneca. Det er ikkje konkludert med om det er nokon samanheng mellom vaksinen og dødsfallet.

AstraZeneca i Midt-Telemark

Midt-Telemark kommune skriv på nettssida si at ein også i vår kommune har stoppa bruken av denne vaksinen inntil det blir klart om det er knytt mulege biverknader til den.

Ifølgje heimesida til kommunen fekk 99 tilsette i helsevesenet denne vaksinen i veke ni som er 1. til 7. mars.

Veka etterpå fekk 44 personar tilsett i helsevesenet vaksinen før det vart stopp.

Midt-Telemark kommune skriv i veke ni at ein først brukar denne vaksinen til helsepersonell. Når dei har fått den vil ein gå vidare til personar under 65år.