Ho er med i organisasjonen Ønsket og Elsket, eit kristent ungdomsarbeid som blant anna arrangerer konfirmasjonsleir.
Helgas livestunt skjer i samband med den årlege Fasteaksjonen i regi av Kirkens nødhjelp, der konfirmantane vanlegvis er aktivt med som bøsseberarar.
Å gå frå dør til dør med innsamlingsbøsser let seg ikkje gjere i år på grunn av pandemi og smittefare. Ønsket & Elsket har derfor kome opp med eit alternativ som skal gje pengar i den digitale innsamlingsbøssa.
Mål om 100.000
– Me skal ha ei 24-timars livesending på Ønsket og Elsket sin youtube-kanal. Det blir P3-opplegg, der me skal gjera ulike stunts. Me håper det kan vera gøy å sjå på både for konfirmantar og andre, seier Vilde.
Målet er å samle inn pengar til Fasteaksjonen, og det er oppretta ein Spleis folk kan betale inn til. Arrangørane håper at pengane vil strøyme inn.
– Me har eit mål om å samle inn 100.000 kroner, seier Vilde.
Sendinga starta 20. mars klokka 18 og held det gåande i 24 timar i strekk. I redaksjonen er dei ni personar. Frå Bø har Vilde med seg Bjørnar Stærk, Eline Momrak og Sture Skalstad. Elles er det unge folk frå Notodden og Seljord.
Ungdomsprest i Hjartdal, Petter Jakobsen, og ungdomsarbeidar i Seljord, Caroline Bringsås, har hovudansvar for opplegget.
– Gøy opplegg
Det er ikkje fyrste gong Ønsket og Elsket arrangerer digitalt opplegg for årets konfirmantane. Vilde fortel at det også var opplegg i vinterferien med filma underhaldning, undervisning og stunts.
Pandemien gjev ungdomsleiarane mykje ekstra kompetanse.
– Eg hadde aldri redigert ein video før. Det har eg gjort nå, seier Vilde.
Dette er tredje året ho er med som konfirmantleiar for Ønsket og Elsket.
– Eg er med fordi eg synest det er eit utruleg gøy opplegg. Når me er på konfirmantleir er det mykje aktivitet. Eg er også med fordi det er eit kristent arbeid og eg har lyst til å lære meir om kristendomen, seier Vilde.
Lite søvn
Sendinga skal gå frå Ønsket og Elsket sitt kompetansesenter i Seljord sentrum, der det er studio. Sjåarane kan kommunisere med studio og kome med innspel gjennom snapchat og instagram.
– Me vil ha open chat og vera logga på heile tida, seier Vilde.
Sjølve sendinga varer i 24 timar, men jobbinnsatsen til ungdomsleiarane blir mykje lenger. Førebuingane til sendinga startar på fredag.
– Eg trur ikkje det blir mykje søvn, ler Vilde.
Vatn og Covid-19
Årets Fasteaksjon går til å skaffe reint vatn i område der dette er mangelvare, noko Kirkens Nødhjelp har jobba med lenge. I samband med pandemien har behovet for reint vatn vore ekstra stort. Kirkens Nødhjelp jobbar mellom anna med å bygge handvaskstasjonar, køyre ut biler med vatn og opplæring i hygiene for å forebygge covid-19.