ANBEFALER MUNNBIND. Ordførarane i Midt-Telemark og Nome kommunar, Siri Blichfeldt Dyrland og Bjørg Tveito Lundefaret, råder folk til å bruke munnbind frå og med i dag. 

Smitte
Smittevernråd
Korona
ANBEFALER MUNNBIND. Ordførarane i Midt-Telemark og Nome kommunar, Siri Blichfeldt Dyrland (t.v.) og Bjørg Tveito Lundefaret, råder folk til å bruke munnbind frå og med i dag.

Ber folk bruke munnbind i Nome og Midt-Telemark

Kriseleiinga i Nome og Midt-Telemark råder nå folk til å bruke munnbind i fellesområde. Rådet gjeld frå i dag til anna blir vedteke.

Kriseleiinga i Nome kommune og Midt-Telemark kommune hadde fellesmøte måndag morgon. Resultatet blei råd til innbyggjarane og andre om å bruke munnbind framover.

I alle fellesareal

Ifølgje ei pressemelding frå kommunen anbefaler kommuneoverlegen nå å bruke munnbind i følgjande situasjonar:

  • I butikkar
  • I fellesareal på kjøpesenter
  • På serveringsstader
  • I trus- og livssynshus
  • På kollektivtransport
  • I lokale for kultur-, sports- og fritidsaktivitetar

Anbefalinga gjeld frå måndag 22. mars og fram til anna blir vedteken.

Familiebesøk eller andre samlingar

– Dersom nokon vurderer å dra på besøk til Nome eller Midt-Telemark kommunar, vil me minne om at dei må hugse å sjekke kva for reglar som gjeld i deira eigen heimkommune. Dei reglane må ein òg halde seg til i vårt område, seier ordførarane i Midt-Telemark og Nome, Siri Blichfeldt Dyrland og Bjørg Tveito Lundefaret.

– Alle bør òg vurdere nøye om ei reise er nødvendig eller ikkje. Kan ein utsetje reisa, så bør ein gjere det, legg dei til.

Bør handle før hyttebesøk

Ifølgje ordførarane står folk fritt til å reise til bustad eller fritidsbustad i Nome og Midt-Telemark.

– Me oppfordrar likevel folk til å handle før dei kjem til kommunane våre, seier Blichfeldt Dyrland og Tveito Lundefaret.

Vurderer Nome vgs

Før helga kom meldinga om at tre elevar som går i to ulike klasser ved Nome vidaregåande skule (både Lunde og Ulefoss) er smitta av covid-19.

Ifølgje lokalavisa Kanalen på Ulefoss blei rundt 100 elevar og lærarar sett i karantene på fredag. De tre smitta elevane er busett i andre kommunar.

Karantene skal nå vere avgrensa til å gjelde éi klasse i Lunde og éi på Søve, samt lærarar knytt til klassene.

Ifølgje Kanalen har skulens elevar heimeundervisning frå og med måndag denne veka. Også internatet ved Søve er stengt.

– Når det gjeld smittesituasjonen ved Nome vidaregåande skule ventar Nome kommune på prøvesvar og vurderer situasjonen fortløpande, opplyser Nome kommune måndag.

Vidare framover

Nome og Midt-Telemark kommunar er såkalla randsonekommunar til 5a kommunar, som har strenge smittevernreglar. Begge kommunar har eit lågt smittetrykk som ikkje tilseier auka tiltaksnivå nå, ifølgje dei to ordførarane.

– Dette kan likevel endre seg raskt og kriseleiinga vil vurdere situasjonen fortløpande, opplyser seier Blichfeldt Dyrland og Tveito Lundefaret.

Onsdag 24. mars skal eventuelle lokale tiltak opp til politisk behandling i begge kommunar. Vurdering blir da gjort på bakgrunn av utviklinga dei nærmaste dagane.