NY SMITTE. Det er oppdaga ny smitte i Midt-Telemark. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand
SMITTA AUKAR: Også sundag er det meldt om nye smittetilfelle i Midt-Telemark. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Dette er dei nye nasjonale tiltaka fram til 12. april

Frå natt til torsdag 25. mars og fram til 12. april er det desse råda og reglane som gjeld for smittevern i heile landet. Det kan komme raske endringar før dersom behovet melder seg.

Nye anbefalingar:

  • Éin-meteren blir nå til to-meteren. Dei som du hittil har halde minst éin meters avstand til, må du frå nå av halde minst to meters avstand til.
  • Me anbefaler maks to gjester på besøk.
  • Viss du kjem frå eit område med høgt smittenivå, bør du verken dra på overnattingsbesøk eller ha overnattingsbesøk. Dei som bur aleine og barn og unge under 20 år kan ha overnattingsbesøk av éin til to faste venner.
  • Du bør avgrense sosiale kontaktar mest muleg.
  • Me anbefaler bruk av munnbind på alle stader der det ikkje er muleg å halde to meters avstand.
  • Me anbefaler folk å bare nytte seg av kjøpesenter og varehus i heimkommunen.
  • Me anbefaler at alle reiser som ikkje er nødvendige blir utsett med desse unntaka:
    • Reiser til arbeid når det ikkje er muleg med heimekontor.
    • Reiser heim til familien for studentar utan familie der dei studerer.
    • Reiser til hytte saman med eigen husstand.
  • Det er tidlegare bestemt at det skal vere digital undervisning i universitet, høgskular og fagskular frå og med 6. april. Dette blir framskynda til 25. mars

Nye nasjonale forskriftsfesta reglar

  • Det blir forbod mot skjenking av alkohol over heile landet.
  • Det blir forbod mot innandørs organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne, med unntak for profesjonelle toppidrettsutøvarar.
  • Treningssenter kan bare halde ope for kommunens eigne innbyggjarar. Unntak for rehabilitering, individuell trening og behandling.
  • Symjehallar skal stengast, men kan ha ope for blant anna barn på symjetrening og personar som treng bassenget til rehabilitering.
  • Fornøyelsesparkar, bingohallar og liknande underhaldningstilbod blir stengt.
  • Arbeidsgjevar skal sørgje for at tilsette jobbar heimefrå på alle arbeidsplassar der det er praktisk muleg.
  • Personar som returnerer til Noreg etter unødvendige utanlandsreiser må tilbringe heile karantenetida på karantenehotell. Dette trer i kraft frå midnatt, natt til måndag 29. mars.
  • Me anbefaler at alle planlagte arrangement blir avlyst. Viss arrangement ikkje kan utsetjast gjeld desse reglane:

Innandørs er det tillate med 20 personar på arrangement med faste, tilviste sitjeplassar.

Innandørs er det tillate med 50 personar på idrettsarrangement for personar under 20 år som tilhøyrer idrettslag i same kommune.

Utandørs er det tillate med bare 50 personar på arrangement.

Det blir tillate med 50 personar i gravferder og bisetting når det blir nytta faste tilviste plassar.

https://boblad.no/2021/03/23/smitte-pa-bo-vidaregaande-skule-elevar-pa-vg1-ma-vere-heime/