Jon Halvor Bergane rektor Bø vidaregåande skule ny fylkeskommune fritt skuleval
HEIMEUNDERVISNING. Jon Helge Bergane, rektor ved Bø vidaregåande skule, opplyser at skulen fortsatt er på raudt nivå og at elevane deler på heimeundervisning.

Stengjer heile skulen – alle elevar og lærarar blir bedt om å halde seg heime

Kommuneoverlegen har gjeve beskjed om å stengje heile Bø vidaregåande skule onsdag. Det gjeld både for lærarar og elevar. All undervisning utgår.

Det melder rektor Jon Helge Bergane i ei oppdatert melding til elevane tysdag kveld, etter at det vart stadfesta at ein elev ved skulen er smitta av covid-19.

– Eleven er frå ein annan kommune. Det er sett i gang smittesporing, men det vil ta tid å få oversikt over situasjonen, melder kommuneoverlege Kristin Sekse i ei pressemelding frå kommunen tysdag kveld.

Vg1-elevar i karantene

Alle elevar på vg1 blir definert som nærkontaktar til den smitta og skal gå i karantene heime. Ifølgje rektor Bergane blir dei kontakta av smitteteamet i kommunen og får beskjed om testing.

Alle husstandsmedlemmar av vg1-elevar blir sett i ventekarantene, ifølgje Sekse.

– Inntil vidare kan me ikkje teste dei som er i ventekarantene på grunn av testkapasiteten, opplyser kommuneoverlegen.

Uavklart på vg2

På grunn av uavklart kontakt med elevar på vg2, vil heile trinnet bli tilrådd å teste seg i morgon, og bare vere i karantene til dei har negativt svar på test, ifølgje kommuneoverlegen.

– Elevar på vg2 blir ikkje definert som nærkontaktar, men skal inntil vidare opptre som om dei er i karantene og derfor halde seg isolert heime. Husstandsmedlemmar av vg2-elevar skal ikkje i ventekarantene, opplyser Bergane.

Ikkje i karantene, men heime

Rektor melder at vg3-elevar og kombinasjonsklassa per nå ikkje er direkte involvert eller definert som nærkontaktar, men dei skal likevel halde seg heime i morgon inntil ny beskjed kjem.

Vg3-elevar skal ikkje i karantene eller testast, ifølgje kommuneoverlegen.

Alle som skal testast, får beskjed om tid og stad i løpet av onsdag.

https://boblad.no/2021/03/23/smitte-pa-bo-vidaregaande-skule-elevar-pa-vg1-ma-vere-heime/