STRAMMAR INN: Helse- og omsorgsminister Bent Høie kom tysdag kveld med nye nasjonale tiltak for å møte den nåverande smittesituasjonen.
NY VAKSINESTRATEGI: Helse- og omsorgsminister Bent Høie seier i dag at ein truleg vil begynne å skeivfordele vaksinane mot covid-19 i Noreg.
MÅ FØLGJE SMITTEVERNRÅDA. Helse- og omsorgsminister Bent Høie understreka på ein pressekonferanse fredag at det er viktig at alle følgjer smittevernråda for å avgrense oppblomstringa av koronasmitten.
UTSET TRINN FIRE I GJENOPNING. Helse- og omsorgsminister Bent Høie opplyste i dag at trinn fire i regjeringas gjenopningsplan blir utsett med fjorten dagar. FOTO: Borgos foto AS

Strammar inn smittevernreglar i heile landet

På ein pressekonferanse tysdag kveld blei det klart at dei nasjonale tiltaka blir stramma inn over heile landet. Tiltaka trer i kraft frå midnatt natt til torsdag 25. mars og gjeld til 12. april.

– Me bør reise så lite som muleg og treffe så få me kan i påska. Ein bør heller ikkje ha meir enn to gjester på besøk, og viss ein kjem frå område med høgt smittetrykk bør ein verken dra på overnattingsbesøk eller ha overnattingsbesøk. Avstandsregelen blir nå to meter, mot ein meter tidlegare.

Det var bodskapen til helse- og omsorgsminister Bent Høie under ein pressekonferanse tysdag kveld.

Ifølgje Høie ser regjeringa seg nøydd til å innføre nye tiltak over heile landet etter råd frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.

Skjenkjestopp overalt

Det blir full skjenkjestopp over heile landet. Symjehallar, fornøyelsesparkar, bingo og liknande må halde stengt.

Enkelte treningssenter blir stengd, og dei som kan halde ope kan bare ta imot lokale innbyggjarar og folk som kjem på rehabilitering og til behandling. I tillegg blir det forbode med innandørs idrett med unntak for profesjonelle utøvarar.

– Me veit det vil skape reaksjonar på dei stadene der det knapt har vore smittetilfelle, men me er nøydd til å gjere dette fordi det oppstår smitteutbrot nye stader, i tillegg til at situasjonen er uoversiktleg, seier Høie.

Tiltaka trer i kraft frå midnatt natt til torsdag og gjeld til 12. april, men Høie understrekar at dei nasjonale tiltaka ikkje erstattar lokale tiltak. Tiltaka kan òg bli endra på kort varsel.

Ikkje hytteforbod

Anbefaling om å unngå unødvendige reiser i Noreg gjeld òg i påska. Ein kan dra på hytta, sjølv om ei fritidsreise ikkje er ei såkalt nødvendig reise, men da må ein ta særskilt smittevernomsyn, unngå å handle der ein kjem og unngå kollektivtransport.

– Unngå utanlandsreiser

Reiser til utlandet blir ein råda frå, med mindre det er strengt nødvendig.

Personar som kjem frå det som bli rekna som ei unødvendig utanlandsreise, må nå ha heile karantenetida på karantenehotell. Tidlegare kunne personar på karantenehotell teste seg ut av hotellet på dag tre.

– Det blir ikkje lenger muleg, seier Høie.

Ustabil situasjon

– Smittesituasjonen har blitt meir ustabil. Sjukehusa må avlyse planlagt behandling for å gjere plass til pasientar med covid-19 og smittesporinga er under press i mange kommunar. Me får stadig fleire utbrot over heile landet, og situasjonen er uoversiktleg, seier Høie.

Påskeferien fører også til auka risiko for smittespreiing fordi mange reiser meir enn dei pleier og treff fleire enn til vanleg.

– Dei nye nasjonale tiltaka gjeld heile landet. Dei vil først og fremst opplevast som ei innstramming der smitten er låg. Der smitten er høg, som i Oslo, Viken, Salten og Haugalandet, har me allereie svært strenge tiltak, seier Høie.

– Me ser nå at dei meir smittsame virusvariantane dukkar opp på stader der det knapt har vore eit einaste smittetilfelle. Me ser òg at eitt enkelt tilfelle veldig raskt fører til større utbrot, og at dei meir smittsame variantane av viruset bidrar til meir alvorleg sjukdom og er vanskelegare å stoppe. Det erfarer kommunane som nå over tid har prøvd å slå ned smitten med kraftfulle tiltak. Me må unngå at stadig større delar av landet kjem i same situasjon etter påske. Derfor er det nødvendig med enda strengare nasjonale tiltak nå, understrekar Høie.

500 millionar kroner til dei ramma

Høie understrekar òg at regjeringa veit at desse tiltaka igjen vil ramme arbeidsplassar, spesielt i hotell- og restaurantnæringa.

– Derfor kjem regjeringa i revidert nasjonalbudsjett til å auke den eksisterande kommunale ordninga for å kompensere verksemder som er ramma med 500 millionar kroner. Dette kjem på toppen av dei 750 millionar kronene som står att i ordninga.