Hopp til hovedinnhold

Få Bøblad-appen!

Last ned Last ned

Dette er anbefalingane for påskeferien når det gjeld smittevern

Her er regjeringas anbefaling for korleis ein kan gjennomføre påskeferien på ein smittevernfagleg forsvarleg måte.

Generelt

  • Hald deg heime viss du ikkje er frisk, og test deg så snart som muleg viss du trur du er smitta med covid-19.

Sosialt

  • Hald to meters avstand til andre, både innandørs og utandørs.
  • Du bør avgrense sosiale kontaktar mest muleg.
  • Du bør unngå besøk av meir enn to personar i eigen heim. Dersom heimkommunen din anbefaler å unngå besøk, bør du følgje dette rådet, enten du er heime, på hytta eller annan stad.
  • Viss du kjem frå eit område med høgt smittenivå og strenge lokale tiltak, er det frårådd med overnattingsbesøk i påska. Barn og unge under 20 år og aleinebuande kan likevel ha overnattingsbesøk av ein-to faste vener.
  • Vel helst utandørsaktivitetar. Unngå å oppsøkje stader der mange er samla, og der det ikkje er lett å halde avstand.

Reiser

  • Reiser utanlands blir frårådd med mindre dei er strengt nødvendige. Unngå unødvendige reiser i Noreg.
  • Reise til (eigen/lånt/leigd) fritidseigedom kan likevel gjennomførast dersom du er særleg påpasseleg med smittevern undervegs og på feriestaden. Reis da med husstanden din, gjer helst innkjøpa før avreise og hald avstand til andre.
    • Bruk munnbind i butikkar
    • Bare éin i familien handlar
    • Handle på tidspunkt da ikkje alle andre handlar
  • Det er viktig å undersøkje kva for tiltak som gjeld i kommunen ein oppheld seg i, for eksempel via kommunanes nettsider eller helsenorge.no.
  • Viss du reiser til ein kommune med mindre strenge tiltak enn heimkommunen din, bør du som hovudregel følgje anbefalingane som gjeld heime.
  • Viss du er i karantene, eller ventar på testsvar, bør du ikkje dra på påskeferie, heller ikkje til eiga hytte.
  • Er du på hytta og blir sjuk, bør du reise heim. Viss du blir ringt opp og sett i karantene, bør du dra heim.
  • Du kan reise på hotell innanlands, men hald avstand til andre gjester, og avgrens opphald i fellesareala. Viss du kjem frå eit område med høgt smittenivå og strenge lokale tiltak, bør ein ikkje reise på hotell eller liknande overnattingsstad der mange samlast.
  • Det blir anbefalt ikkje å gå frå hytte til hytte, sidan dette betyr auka risiko for smittespreiing.
  • Dersom ubetente turisthytter skal nyttast, bør det vere muleg å reservere på førehand, slik at ikkje fleire husstandar/reisefølgje er der samtidig.
  • Dersom turisthytter ligg vanskeleg tilgjengeleg, og behov for helsehjelp og mulegheit for karantene/testing kan medføre utfordringar for lokale helsemyndigheiter, bør det lokalt vurderast om slike hytter bør anbefalast stengt.
  • Ved strengt nødvendige utanlandsreiser (for eksempel barn som skal besøke foreldre i anna land), er det svært viktig å vere forsiktig på reisa og å halde karantenereglar og krav om testing når ein kjem tilbake.
  • Reiselivsaktørar bør vurdere å avgrense tilgang til fellesareal for å redusere smitterisikoen og gjere det lettare å overhalde smittevernanbefalingane.

Gudstenester og andre markeringar

  • Ved gudstenester og andre religiøse markeringar og livssynssamlingar i påska gjeld reglar, retningsliner og anbefalingar for arrangement. Ein bør ikkje delta på slike samlingar utanfor din eigen kommune. Det blir anbefalt å utsetje alle arrangement som det ikkje er absolutt nødvendig å ha til etter 12. april.