NY SMITTE. Det er oppdaga ny smitte i Midt-Telemark. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand
SMITTA AUKAR: Også sundag er det meldt om nye smittetilfelle i Midt-Telemark. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Ein ny elev har testa positivt – ber folk som har vore i butikk vere merksame

Ein ny elev ved Bø vidaregåande skule har testa positivt på covid-19. I dag kom det svar på dei 181 testane som er tatt av elevar og lærarar denne veka.

Ein ny elev på vg1 har testa positivt på covid-19 i kjølvatnet av smittetilfellet som blei kjent tysdag kveld. Eleven som tysdag testa positivt, har det britiske muterte viruset. Den andre positive prøva bli nå sjekka for dette.

Det opplyser kommuneoverlege Kristin Sekse i Midt-Telemark kommune.

https://boblad.no/2021/03/23/smitte-pa-bo-vidaregaande-skule-elevar-pa-vg1-ma-vere-heime/

Torsdag ettermiddag kom svara på alle testane som er gjort av 181 elevar og tilsette ved Bø vidaregåande skule. Av desse er det ein test som er positiv.

Eleven som torsdag har fått bekrefta smitte, var laurdag på jobb på Rema 1000 i Lundevegen i Bø. Midt-Telemark kommune ber nå alle som var i butikken mellom klokka 8 og 15 laurdag om å vera ekstra forsiktige og merksame og bestille test ved minste spor av symptom.  

Karantene og ventekarantene

I samband med det første smittetilfellet på Bø vidaregåande skule har 220 elevar og lærarar vore i karantene. I tillegg har mange hundre husstandsmedlemmer vore i ventekarantene. Også fotballag på Skarphedin har vore sett i karantene.

Ved negative testar av nærkontaktar med den smitta, kan dei som har vore i ventekarantene nå sleppe ut av karantene. Nokre nærkontaktar av den smitta må teste seg ein gong til før dei er ute.

I samband med ny positiv test blir det vidare karantene og ventekarantene og nye rundar med kartlegging og smittesporing. Nokre vil få forlenga karantene og bli sett opp på ny test.

Elevar og tilsette dette gjeld vil bli kontakta torsdag kveld.

Ungdomsfest

Ifølgje Varden er det mistanke om at smitte ved fire vidaregåande skular i Telemark, blant dei Bø vidaregåande og Nome videregående, har utspring i ein ungdomsfest i Bamble.

– Me har mistanke om at ein ungdomsfest i Bamble er utgangspunkt for smitta i Bø, seier kommuneoverlege Kristin Sekse til Varden.

Ein positiv

Det er elles i Midt-Telemark, utanom personar knytt til smitta ved Bø vidaregåande skule, testa 118 personar i løpet av veka. Alle desse testane er negative.

Ein person som er folkeregistrert i Midt-Telemark, men som oppheld seg i ein annan kommune, har også testa positivt på covid-19.