NY SMITTE. Det er oppdaga ny smitte i Midt-Telemark. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand
SMITTA AUKAR: Også sundag er det meldt om nye smittetilfelle i Midt-Telemark. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Ingen nye smittetilfelle ved Bø vidaregåande skule

Det har ikkje kome nye smittetilfelle etter utbrotet på Bø vidaregåande skule. Alle prøvar teke denne veka har vore negative.

Fleire av elevane ved Bø vidaregåande skule som har vore rekna som nærkontaktar og som sit i karantene denne veka har fått resultata frå koronatest nummer to etter utbrotet førre veke. Då testa to elevar positivt på sine koronatestar.

Ingen nye positive

Måndag blei tre klassar ved Bø vidaregåande skule pluss nokre lærarar koronatesta for andre gong etter utbrotet. Nokre elevar har også testa seg i andre kommunar.

– Me har fått svar på alle testane som blei teke på måndag og alle er negative, seier Marte Midttun Lie, einingsleiar for kommunikasjon og service i Midt-Telemark kommune.

Midttun Lie viser til at det første smittetilfellet er stadfesta til å vere britisk mutasjonsvirus, medan tilfelle nummer to ikkje er ferdig analysert for dette.

Elevar som er rekna som nærkontaktar og som blei testa for andre gong måndag skal sitje i karantene fram til fredag.