– Midt-Telemark kommune har i dag fått melding om to positive smittetilfelle.
Det opplyser kommunen i ei pressemelding onsdag kveld.
Folkeregistrert i kommunen
Den første positive testen blei først meldt inn til ein annan kommune tysdag i påskeveka, da den smitta oppga oppga adresse der.
– Ettersom den smitta er folkeregistrert i Midt-Telemark kommune, blir dette smittetilfellet registrert her. Smittesporing er gjennomført og avslutta og nærkontakter er kontakta, opplyser kommunen.
Bur i Midt-Telemark
Den andre smitta personen har bustadadresse i Midt-Telemark kommune, men oppheld seg i ein annan kommune. Smittevegen for denne personen er kjent og alle nærkontaktar har fått beskjed.
– Ingen av desse to smittetilfella har noko med smitten på Bø vidaregåande skule å gjere, skriv kommunen i pressemeldinga
Testing i påska
Kommunen opplyser at det har vore stort trykk på teststasjonen både i førre og denne veka.
– Det er bra at mange testar seg – fortset med det, heiter det i pressemeldinga.
Dei som vil teste seg i påska finn informasjon om opningstider ved teststasjonen og telefonnummeret for å bestille time på kommunens heimesider.
https://boblad.no/2021/03/31/ingen-nye-smittetilfelle/