B
Forberg og Forbergsletta
Eit av dei større landbruksområda i Bø ligg på begge sider av riksveg 36 over Forbergsletta. Der i dei slake sørvende skråningane på nordsida av dagens veg vart ein gong i historia garden Forberg, gamalnorsk Fyrir bergi, rydda. Og folk bygde seg ein buplass inn under Forbergåsen. Vi veit at dette er eit gamalt område for busetjing, då det er funne graver og andre funn både oppe på Forbergåsen og på Bakåssida, på nordsida av åsen. Bakås var utmark for Forberggardane før dei tok til med dyrking også der i mellomalderen. På sørsida av Forbergområdet, nærast oss i biletet, ligg Trelsborg. Den gamle bygdeborga stammer frå midten av det første årtusenet av tidsrekninga vi brukar i dag.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp